Trygg jobbframtid for lærarar

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

8e805ca213b3391e73841c65f7ad5ae5

Måndag presenterte VG ei liste der NAV trekk fram dei tryggaste utdanningsvala. Der er både lærer- og barnehagelærerstudiet nemnt. I same saka blir begge dei to yrkene heisa opp under ei liste laga av NAV som viser yrker kor det er størst mangel på arbeidskraft no.

FOR FÅ PEDAGOGAR

På Høgskulen i Volda kan du utdanne deg til lærar i grunnskulen, både for 1.-7. klasse og 5.-10- klasse, og barnehagelærar. Anders Svensli har vald den sist nemnde studieretninga og angrar ikkje på det.

– Eg tenkjer absolutt at det er eit trygt yrke å gå inn i. Det er for få utdanna pedagogar i Noreg, og her i Møre og Romsdal for eksempel, veit eg at det er eit enormt behov, seier Ålesund-mannen.

I fleire år har det vore stor merksemd i media rundt ufaglærte som jobbar i barnehagar. Svensli meiner dei er ei viktig ressurs, men er klar på at det trengs utdanna folk som styrer barnehagane.

God tryggheit

Sjølv om han var fullt klar over at det ser lyst ut i arbeidsmarknaden for han, var Svensli glad for å høyre at studiet hans blir trekt fram som trygt av NAV.

– Hovudgrunnen til at eg starta på studiet var at barn er utrulig viktig for meg. Vi skal ta godt vare på dei og forme framtida deira. Men spesielt for meg som gut så hadde eg ein baktanke om at eg kunne flytte kor som helst i Norge og vere sikker på å få meg jobb. Det er stor mangel på menn i yrket og det ga meg eit ekstra puff til å søke studiet. Det er ein veldig god tryggheit for oss studentar. Eg kan ikkje snakke for damene i klassa mi, men eg trur dei føler seg sikre også, seier Svensli.

Når han er ferdig med studiet om eit drygt år har han planane klare.

– Eg ser for meg å gå rett ut i ei fast stilling som pedagog i ein barnehage. Det kan vere eg må starte som hjelpepedagog under ein pedagogisk leder. Men eg ønsker meg raskt inn i ei stilling som pedagogisk leder sjølv, og meiner det er realistisk.

– Ordnar seg for dei fleste

Line Risholm Velle tok grunnskulelærarutdanninga for 5. – 10 klasse ved høgskulen og var ferdigutdanna for eitt år sidan. Ørsta-jenta fekk seg fast jobb ved Lindeberg skule i Oslo rett etter at ho hadde fullført studiet.

– Eg merka fort at det var mange om beinet i byane, men ikkje same trykket utafor byane. Det var veldig mange ulike stillingar å søke på. Så eg trur eg søkte på nærmare 30-40 jobbar til saman. Det var veldig spanande å byrje å søkje jobb. Heldigvis er det slik at dei fleste eg har gått på høgskulen saman med, både i Volda og i Trondheim, har fått seg jobb. Derfor trur eg at det ordnar seg for dei fleste, seier Risholm Velle.

No er ho kontaktlærar for ein 5. klasse og har faga kroppsøving, samfunnsfag og engelsk. Det var fleire grunnar til at ho søkte seg inn på lærarstudiet.

– Eg valde lærarstudiet fordi eg visste eg ville arbeide med folk. Eg er i tillegg over gjennomsnittet glad i å kunne mykje forskjellig om mange forskjellige ting, og likar å formidle dette. Det gjorde læraryrket til eit nærmast sjølvsagt val for meg. Jobbutsiktene spelte klart ei rolle når eg skulle velje utdanning. Det å vite at du på ein eller annan måte er sikra ein jobb når du er ferdig utdanna var veldig attraktivt. 

Del på