Tverrfagleg bachelor-innspurt

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

83f96cfa5b38625f434c94683daca431
Nokre av studentane som har vore med i studiegruppa.

- Ved å sitte saman i ei tverrfagleg studiegruppe får ein dele erfaringar og fagleg kompetanse. Dette er gull verdt og har absolutt styrka oppgåvene våre, seier barnevern-student Kristoffer Broughton, som ikkje legg skjul på at det har vore nokre spanande diskusjonar.

Har arbeidd på skift

Studentane har arbeidd døgnet rundt i fem veker. For at det skulle vere enkelt å «flytte» inn og ut av klasseromma har dei hatt ein bil ståande utanfor Ivar Aasen- huset til ei kvar tid.

- Her har vi oppbevart trillekoffertar med bøker, vasskokar, mikrobølgeomn, mat og ulike kort- og brettspel, seier Vilde Sævik, som er ferdig utdanna drama- og teaterstudent.

Vilde er glad for at ho valde å delta i ei studiegruppe og ser tilbake på bachelor-innspurten som sosial, morosam og lærerik. Ho håpar høgskulen kan legge enda betre til rette for andre studentar som ynskjer å arbeidde utanom normal arbeidstid.

- Vi har hatt litt utfordringar med å få tilgang til klasseromma om kveldane og i helgene, men har løyst det fint med å arbeide på skift, avsluttar Sævik.

Skryt av studentane

Dekan ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Kjetil Jarl Halse, trur moglegheita til bli kjent med kvarandre på tvers av studieretningar er ein av fordelane som student ved ein mindre utdanningsinstitusjon som Høgskulen i Volda. Han takkar studentane for det flotte initiativet.

- Det er imponerande at så mange studentar frå ulike studieretningar har klart å samle seg i ei studiegruppe. Ikkje minst er det svært positivt at studentane har nytta undervisningsrom som «lesesal», seier Halse.

Del på