Tverrfagleg samarbeid om ‘The Armed Man’

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

86350608e1084d855d377f1463d40775Frå øving til ‘The Armed Man’ komande helg i Volda (Foto: Svein Aam)  

Konsertane på laurdag og søndag er resultat av eit kunstnarisk samarbeid mellom koret og symfoniorkesteret ved høgskulen og to lokale kor, Ørstakoret og Volda Vokal – og dirigentane for alle fire grupper er tilsette i musikkseksjonen: Elizabeth Oltedal, Ketil Grøtting og Magnar Åm.

I tillegg har det blitt samarbeid på tvers av fagmiljø, ved at studentar som går fordjupingsemne i omsetjing på bachelorutdanninga i engelsk har omset ein del av tekstane frå verket til norsk. Desse tekstane, med sterke skildringar av det redselsfulle med krig,  får publikum utdelt på konserten, slik at dei lettare kan følgje med på framføringa.

Esben Tipple er ein av studentane som har bidrege til dette arbeidet. Som tidlegare leiar i student-idrettslaget har han praktisk erfaring i å omsette tekstar for dei mange internasjonale studentane som er innom idrettsaktivitetar ved høgskulen. Men Esben forklarer at omsetjingsfaget stiller strengare krav til omsetjaren, og ulike etiske problemstillingar kan gjere seg gjeldande når ein skal lage ei omsetjing av poesi. I kva grad kan ein stole på at ein har fått ei god framstilling av teksten når den opphavlege teksten var på sanskrit og truleg meir enn 1.600 år gamal, til dømes? Og skal ein omsette synonymt ord for ord, eller satse på å lage ei eiga tolking av innhaldet?


cf2efa5e29800565e91af1bbefe8d9fb
Engelskstudent Esben Tipple. Foto: E. Oltedal.

Med førsteamanuensis Lidun Hareide som rettleiar, har studentane arbeidd med tekstane ved å nytte ein metode med ‘praksisfelleskap’, ved å presentere utkast for kvarandre og diskutere moglege løysingar saman. For Esben var dette eit spennande oppdrag, og han ser fram til å kome på konsert og oppleve korleis Jenkins har skapt ei musikalsk tolking av tekstane komande helg.

Del på