Undervisningsopptak våren 2015

Tekst: Marit Vartdal Engeset

- Oppdatert

I slutten av kvart semester er StudentWeb open for at studentar i løp kan velje emne og registrere seg for komande semester. Du kan også registrere deg på vanleg måte når ordinær semesterregistrering opnar 10. desember, men då er fleire emne ikkje lenger mogleg å velje.

Før du kan registrere vala dine, må du sjekke eksamensdatoar i eksamensplanen for å unngå kollisjonar på eksamensavviklingane.

  • Vel emne som passar i din studieplan komande semester. Du kan også velje emne frå andre studieprogram dersom studieretten din tillet dette. Desse emna finn du ved å nytte funksjonen "Fritt søk" i StudentWeb. Oversikt over alle emne som vert tilbodne ved HVO for studieåret 2014/2015 finn du her.
  • Sjekk i StudentWeb om du har fått plass på emna dine. Om du vel emne med forkrav  eller emne med avgrensa tal på plassar, vil du få svar så snart vi har handsama søknaden din.
  • Dersom du ikkje får opptak på emnet, får du hjelp til å velje nye emne i ordinær registreringsperiode. 
  • Betal semesteravgift innan fristen- du er ferdig registrert! (betalingsinformasjon vert lagt ut i StudentWeb i byrjinga av desember).

Lenke TIL Eksamensplan for ordinære emne våren 2015 FINN DU HER

Ta kontakt med Studentsørvis dersom du har spørsmål eller problem med val av emne i StudentWeb.

Du finn Studentsørvis i 1. etasje i Berte Kanutte-huset.

Oningstider:   9.00 - 15.00 (tys-fre)/ 9.30 - 15.00(mån)
Telefon:70 07 50 18 / 70 07 50 00
E-post:studentsorvis@hivolda.no

Del på