Unik eksamensutstilling og ny blogg om verdsarven

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert


f974b85d346e9159ea9f864541d43afc600e9585

Verdarvstudiet ved Høgskulen i Volda baserer seg på naturen og kulturen i verdsarvområdet, og gir kompetanse i natur- og kulturformidling.

– Dette er det første studiet i landet som kombinerer friluftsliv, erfaringslæring og mediefag, seier studieleiar Helga Synnevåg Løvoll.
Utstillinga ”Heritage - Around us” er ein unik måte å presentere flotte bilete av verdsarv på, samstundes som studentane får formidle spørsmålet om folk bryr seg om denne verdsarven.
Studentane spør: who cares? og svarar med bilete av nokon som bryr seg. Så kjem spørsmålet om DU bryr deg.
Utstillinga står i glasmonterar i Berte Kanutte-huset ut denne veka.

d9fb4dfa427982630bbddd45df91b5cb54fde428

Eigen blogg

Eit anna døme på studentarbeid er bloggen www.hivolda.no/worldheritageblog da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b
Denne viser ein del av dei erfaringane og opplevingane som dei norske og internasjonale studentane hadde gjennom studiet denne hausten.

– Høgskolen har hatt stor interesse frå personar innan fagområda reiseliv, museumsfag, friluftsliv og undervising.

– Verdensarvstudiet passar for alle som driv med formidling i eit natur- og kulturlandskap, alt frå lærarar og museumspedagogar til reiseliv og journalistikk, seier Løvoll.

Du kan lese mer om studiet i studiekatalogen: World Heritage - Geirangerfjord 
Read more at www.hivolda.no/worldheritage

84fc536b4394388a2eab7c60c10bfc09ab5a320e

2f27ea63a3eb1555340ef9a2646eeadd645ef5ec

Del på