UTANRIKSMINISTEREN GJESTAR NOREGS MEST INTERNASJONALE HØGSKULE

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

4e9e5eb91451835c4f5fb9e192c01ced21a690a5
Erasmus-studentar ved høgskulen. 

Når det gjeld utvekslingsstudentar til og frå utlandet plasserer Høgskulen i Volda seg som den tredje største i absolutte tal. Berre dei aller største høgskulane (Oslo/Akershus og Bergen) har fleire utvekslingsstudentar. I forhold til storleiken ligg Volda heilt på topp.

Dette er resultat av ei medviten satsing gjennom mange år. Kyrkjefagmiljøet starta tidleg eit samarbeid med KFUM/KFUK om «Ten Sing Norway». Det var eit opplegg der deltakarane spreidde Ten Sing-ideane til andre land samstundes som dei studerte kristendomskunnskap og ungdomsarbeid ved høgskulen.

I over tjue år har vi hatt årsstudiet «Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar» (NUS). Kvart av desse åra har om lag 25 unge frå alle kantar av verda lært så mykje norsk i Volda at dei vert kvalifiserte til ordinære studium ved kva som helst høgskule eller universitet i Noreg.

Lange tradisjonar har Høgskulen i Volda også for lærar- og studentutveksling med India og fleire afrikanske land. Både sosialarbeidar- og medieutdanningane var tidleg ute med slikt samarbeid.

Med Kvalitetsreforma vart det for ti år sidan lagt opp til at alle studentar skal få tilbod om eit semester i utlandet. Høgskulen i Volda har arbeidd aktivt for å leggje dette til rette, og no har vi avtale om utveksling med heile 150 utanlandske universitet og høgskular.

Verda vert meir og meir ei, og det er avgjerande for ei god framtid at vi lærer kvarandre å kjenne på tvers av ulik hudfarge, religion og kulturtradisjonar. Eit svært viktig grunnlag for dette vert lagt mellom unge som er under utdanning.

Når du sit i same klasserom og samarbeider om arbeidsoppgåvene, vert mange fordommar og fiendebilete brotne ned. Slik kan vi sjå internasjonaliseringa i høgare utdanning også som ei form for fredsarbeid.

Dette og mykje meir vil leiinga ved høgskulen drøfte med statsråd Barth Eide på måndag. Han vil også få treffe nokre av dei internasjonale studentane i Volda.

Del på