Utdanningsdagane 2013

Denne veka har høgare utdanning og karriereval stått i fokus under Utdanningsdagane. 800 elevar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har besøkt Høgskulen i Volda, for å få vite meir om tilbodet for høgare utdanning i Møre og Romsdal. Med eit slikt arrangement ønskjer høgskulen å bidra til mindre fråflytting frå Møre og Romsdal.

Tekst: PR-studentane Sarah Emilie Mørch og Marita Søvik Røskar.

På Utdanningsdagane får elevane møte alle avdelingane på Høgskulen i Volda, StudiebygdA, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Molde. 

På Utdanningsdagane får elevane møte alle avdelingane på Høgskulen i Volda, StudiebygdA, Høgskulen i Ålesund og Høgskulen i Molde.

Torill Engeseth, prosjektleiar for Utdanningsdagane, seier at Utdanningsdagane er eit rekrutteringstiltak og at elevane kjem til Volda for å sjå campus og møte studentar og lærarar. Målet er at elevane blir orienterte om utdanningstilbod og moglegheitene dei har her i fylket.

– Det er ingen som blir verande for å studere i distriktet dersom dei ikkje finn eit studietilbod som passar. Har vi gode og tilpassa tilbod, er dette ein god grunn til å bli verande i distriktet, seier Torill Engeseth.

Regionalt tilbod
Eirik Bech, rådgjevar ved Kontor for etter- og vidareutdanning, meiner at målet for Utdanningsdagane er å halde på ungdomen i fylket. Han ønskjer at ungdomen skal få eit godt utdanningstilbod i Møre og Romsdal, i staden for å reise bort.

– Ungdommen i regionen er den viktigaste ressursen vår. Eg meinar sjølvsagt at ungdom bør vurdere å flytte frå gryta til mor, men eg trur ikkje ungdommen treng å reise så langt for å finne gode studietilbod og eit godt studentliv, fortel Bech.

Ønskjer å studere i Volda
I dag var elevar frå Volda vidaregåande og Eid vidaregåande på høgskulen for å få vite meir om høgare utdanning i Møre og Romsdal, og det var fleire som gjekk derifrå med tankar om å ta utdanning i Volda.
– I dag fekk eg vite kva eg skal neste år. Eg ønskjer å ta årsstudium i musikk, men etter det veit eg ikkje heilt. Eg har lyst til å ta nokre år vekke før eg vender tilbake hit, seier Sivert Hjelle frå Volda. 

Judith Møller Hjelmeseth frå Herøy ønskjer å bli lærar, og dette vil ho bli i Volda.
– Etter å ha sett meg rundt på høgskulen i dag, har eg bestemt meg for å studere i Volda. Eg vil vere nært heime, og heller reise på utveksling.

b0b1f867c2888bc5f94f412ca1b8d64a
* Sivert Hjelle og Judith Møller Hjelmeseth som går på medielinja på Volda vidaregåande skule, kan begge tenke seg å studere på Høgskulen i Volda.


eb8f92e642fa33c6d8a28415644cc0b4
Torsdag var over 350 elevar frå Herøy vgs, Akademiet vgs, Ulstein vgs og Møre folkehøgskule samla på Høgskulen i Volda for å få vite meir om tilbodet for høgare utdanning i Møre og Romsdal. HVO er ein internasjonal høgskule og elevane blir guida rundt på campus av internasjonale studentar frå heile Europa. 

0bea67d9bff065182ea6fbb8417d9c38
Avdeling for samfunnsfag og historie har ansvar for utdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og historie. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med 10 professorar og to-tredelar av dei fagtilsette har minst førstekompetanse. På bilde er instituttleiar ved Institutt for sosialfag Hallgjerd Conradi. 

2cd950d2322df71e63296d17d2ea1b28
Avdeling for kulturfag organiserer det største fagmiljøet innafor kultur- og idrettsfag utanom storbyane i Noreg, med vekt på media og design, digital kompetanse i i læring, kunst og handverk, drama, musikk og kroppsøving/friluftsliv.


055c8065f13d4c72b2cd887361ec2868
Avdeling for humanistitske fag og lærarutdanning har ansvar for lærarutdanningane (allmenn, førskule, ppu) og fagområda norsk, engelsk, pedagogikk, matematikk, naturfag, mat og helse og religionsfag. 

b396260eba683e24c66b1ea26aa4c4af
På Avdeling for mediefag finn du utdanningar innan journalistikk, animasjon og PR, kommunikasjon og media. Høgskulen i Volda har sidan 1971 utdanna fagfolk til den norske mediebransjen, og medieutdanninga i Volda er kanskje den mest kjende fagutdanninga for medieyrke i Noreg i dag. 


d9921a15e6576f5c000bc3811e774da5
Studentar frå Ålesund presenterte deira studietilbod innanfor biologiske fag, helsefag, maritime fag, teknologi- og ingeniørfag og økonomisk-administrative fag. 


ed7fd2e11d64de423b02b93af3b42f6dStudentar får Høgskulen i Molde informerte om deira studietilbod innanfor logistikk, økonomi, sjukepleie, vernepleie, IT, juss og samfunnsfag og idrett. 

Del på: