VEKA 2009 treng deg!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Veka i Volda har vore eit viktig kulturarrangement på Sunnmøre sidan oppstarten i 1985.

Veka har gjennom desse åra levert eit godt kulturprodukt til studentar og  andre, og ikkje minst til tilreisande. Veka er ni dagar med arrangement med stor variasjon. Veka vartar opp med konsertar i ulike musikk-kategoriar, foredrag, stand up, barne- og ungdomsarrangement og bokbad. I tillegg vert det kvart år sett opp ein eigen vekerevy.

Tysdag 10.februar klokka 19:00 er det suppleringsval på Rokken. Her har du mogleiken til å stille til val. Dette er ei gylden sjanse til å engasjere seg for å gjere noko for studentar og lokalbefolkning. Utan folk som engasjerar seg står ein i fare for å ikkje kunne vidareføre den 24 år lange tradisjonen som Veka i Volda er.

da0f30d3ece2c128b006f9a49f804a8a3f9b9c7d

Uansett kva studieretning du går så har du eigenskapar som ein treng i eit styre. Du treng ikkje å sitte på eit hav av erfaring, alle i styret er med på å hjelpe kvarandre. Du kan også knytte til deg flinke folk i undergrupper.

Å sitte i Vekestyret gir deg erfaringar og minner for livet. Dette er eit val som du ikkje vil angre på! Det er opp til deg om det vert VEKA2009 eller ikkje!

Verva det er val på er:

Vekesjef

Kontaktperson for Rokken og Studentsamfunnet. Det er du som held oversikt på kven som gjer kva og at et vert gjort, det er ein fordel å vere gla i å ha ting i system. Som vekesjef så er det viktig at du er den som motiverar og oppfordrar til samarbeid. Etter veka hjelper du Nestleiar med rekneskap og er ansvarleg for at alle leverer rapportar.

Nestleiar med økonomiansvar

Nestleiar fungerar som vekesjefen si høgre hand og hjelper til der vekesjefen treng det.
Elles så jobbar nestleiar med budsjett og rekneskap, og hjelper sponsoransvarleg med søknadar. Nestleiar jobbar også med veka sitt velferdsarrangement som til dømes tidligare har vore Plan Noreg. Du administrerar det som skjer på dagtid under veka, og knyter til deg undergrupper der det trengs. Etter veka er du ansvarleg for at rekneskapet vert teke.

Sponsor

Dette er eit verv som er delt i to, Sondre treng nokon å samarbeide med.
Hovudoppgåva er å skaffe sponsorar. Alt frå internasjonale, nasjonale og lokale sponsorar. Du følgjer også opp at pengane kjem inn og at våre sponsorar vert godt tekne vare på i reklame og annonseplassar. Du skaffar også det reklamematerielle som pr og grafisk treng frå dei som er våre sponsorar. .

Revysjef

Revyen er eit av dei viktigaste tinga som skjer under veka. Du er revyen sin sjef og administrator. Du skaffar  instruktørar, inspisient og skodespelarar. Du passar også på at vi har musikarar, sminkørar og scenefolk. Det er din jobb å ha oversikt og passe på at alt vert gjort, men sjølvsagt delegerar du ansvar til andre. Du har også kontakt med Studenthuset når det gjeld øvingstider, generalprøver og liknande.


Grafisk ansvarleg

Har hovudansvaret for at VEKA frå ein grafisk profil, du skaffar undergrupper til det grafiske arbeidet og er med på å utforme av plakatar, program.


PR-ansvarleg

Du skal media til å rette søkelyset sitt på Veka. Du skal skaffe undergrupper til pressearbeid, skaffe vekemedia, redaktørar og webansvarlege. Du kan delegere ansvar med skal halde oversikta. Du har også ansvar for vekeavis, vekeprogram og distribusjon.

Om du har spørsmål så ta kontakt med Camilla A. Vik, camilla.vik@gmail.com

Del på