Veka 2009 treng sponsoransvarleg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dei to som har sponsoransvar i Veka-styret skal skaffe lokale, regionale , nasjonale og internasjonale sponsorar.
– Slik for ein sjansen til å jobbe for at veka skal bli skikkelig bra, seier Sondre.  – Og så får ein knyte saman Volda som ein platform for eit knallbra arrangement!

Utvide kontaktnettverk
Gjennom sponsorarbeid får ein møte mange ulike bedriftsleiarar og oppdage bedrifter ein ikkje trudde eksisterte. Og sjølv om Sondre berre har vore ein del av Vekastyret ein månads tid, har han allereie mange argument.
– Det er utrulig sosialt å sitte i vekastyret. Dessutan kan ein bestemme når ein vil jobbe med sponsordelen. Det passar til dømes godt å ta det i ein lunsjpause eller når det måtte passe.

Sondre er sjølv oppvaksen i Volda.
– Difor treng den andre sponsoransvarlege nødvendigvis ikkje ha så mykje kunnskap om området. Og sjølv om likestilling er viktig, er Sondre åpen for å samarbeide med både gutar og jenter. – Engasjementet er viktigast, avslutter han.

Kontakt Sondre Langenes for meir informasjon på e-post: sondre.langenes@volda.org

Del på