VEKA-innsamling: Har du noko du vil bli kvitt?

Tekst: Webmaster Volda

VEKA er ei kulturell veke som skal arrangerast i haust, men allereie no arbeider vi i styret med å bidra til lokalsamfunnet i Volda.  I samarbeid med Røde Kors vil vi HENTE  ting du ikkje har bruk for lengre. Har du klede, kvite- brunevarer, sko, nokre stolar liggande utan at du treng dei? No har du sjansen til å gje dei frå deg til eit godt føremål. Det som kjem inn går nemlig til loppemarknaden til Røde Kors, som blir arrangert i august, og til asylmottaket i Volda.

Innsamlinga skjer frå 31. mai til 3. juni. Du kan levere ting på Myrane, eller ringe:

Eirin (PR- sjef, VEKA), 97517540
Sara (Leiar, VEKA), 97528782

Del på