Vekerevyen røpar smakebitar under FESTiVOLDA

Tekst: Webmaster Volda

Saka er klippa frå mre.no

Kommande torsdag startar ei feiring av Sivert Aarflot som vil vare veka til endes. Eit rikhaldig program bør friste folk frå fjern og nær til å ta turen til Volda desse dagane.

- Arrangementet startar torsdag, med ein samtale mellom Øystein Sande og Kari A. Hasle frå Høgskulen i Volda. Dei diskuterer ”Sivert Aarflot som idealist og medmenneske”, fortel Astrid Gjersdal som sit i planleggingskomiteen.

Fredag vert det folkefest

Fredag brakar det laust med offisiell markering av 250-års dagen, og ”Sivert Aarflot-plassen” vert namngitt.
- Vi legg opp til folkefest og fødselsdagsfeiring i FESTiVOLDA-teltet, smiler Gjersdal.

Stort program laurdag

Programmet laurdag femnar vidt, og Gjersdal gler seg over å kunne vise den oppveksande generasjon korleis Sivert Aarflot sitt liv og virke var.
- Han var ein føregangsmann, slår ho fast. Laurdag kan ein treffe levande dyr i sentrum, og det vil bli biletframsyningar og ulike utstillingar. Søndag avsluttar FESTiVOLDA markeringa av Aarflot sitt jubileum, med ope hus på museet på Ekset.
- Dei som ikkje kjem til Volda og får med seg feiringa går verkeleg glipp av noko, seier Gjersdal bestemt. Sjølv har ho lært svært mykje om Volda si kulturhistorie gjennom arbeidet med dette arrangementet.

Studentveke og Kyrkjemusikkveke.

- Vi hadde mykje å ta utgangspunkt i når vi skulle sy saman eit program, og det har vore ei svært lærerik tid, understrekar ho.
I år kan publikum få med seg heile tre store overlappande arrangement denne oktoberhelga; i tillegg til FESTiVOLDA vert det arrangert studentveke, samt Kyrkjemusikkveke. Noko for ein kvar smak, med andre ord.

Del på