Vellukka studietur til Belfast, Londonderry og Dublin

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ef10c8f28fcf8fc92671b20f2ea0e0b7aee7f610

Studieturen var lagt opp med ei blanding av forelesningar og ekskursjonar, og gav deltakarane eit breitt bilete av situasjonenen i Nord-Irland i fortid og i notid. Vi fekk guida turar til fots i både den katolske og den protestantiske delen av Belfast og fekk såleis høve til å høyre historia fortalt frå fleire sider. Vi møtte mannen i gata og fekk god kontakt med folk i alle aldrar. Irane er svært opne og vil gjerne fortelje om det dei har opplevd, og ikkje minst om fredsprosessen.

Medan vi var der fekk vi vere med å feire St. Patrick's Day, noko som var eit ekstra høgdepunkt. Paraden gjennom Belfast gatar var eit fargerikt skue.

Ein av dagane vart nytta til å besøke ein av dei mest kjende irske whiskey-produsentane "Bushmills" - ein times køyretur, 95 km nord for Belfast. Destilleriet vart grunnlagt i 1608 og ligg i ein vakker landsby i Antrim- fylket.

7529a554d73647779312b1bc9174239b4b071c01

I Belfast budde vi på eit enkelt pensjonat i utkanten av byen og kostnaden for eit rom var på rundt 300 kroner natta med frukost. Det er svært rimeleg å bu og leve i Nord-Irland, og offentleg kommunikasjon er også rimeleg. Ein to timers togtur frå Belfast til Londonderry - eller Derry - kosta rundt kr. 80.- per person og er rekna som ein av dei vakraste togturane i Europa. Som ein kuriositet kan vi nemne at dersom du er irsk statsborgar og over 60 år får du reise gratis på bussar og tog. Dersom du ønskjer å overnatte på hotell kan du vise fram bevis for at du har vore på togtur og har rett til 50 % avslag på utvalde hotell. Bakgrunnen for denne ordninga er at staten ønskjer at folk over 60 skal kome seg meir ut og nyte livet!

80977aae785181df6c79f7c613944a966b86ed98

I Derry fekk vi ein innhaldsrik guida tur med buss. Det var nett i Derry opptøya starta i 1972 - på det som vert kalla "Bloody Sunday" - i det katolske området Bogside, i samband med ein borgarrettigheitsmarsj. Opptøya spreidde seg seinare til Belfast. Besøket både i Derry og Belfast gjorde sterke inntrykk på oss som deltakarar og vi fekk eit sterkt ønskje om å vite meir om Nord-Irland. Det vil difor bli samlingar i Volda i etterkant av studieturen.

I Derry vart det også tid til eit besøk på vårt partnaruniversitet "University of Ulster" - Magee campus. Vi blei tatt vel i mot av sosialfaglærar Trevor Lindsay og fekk ei forelesning om universitetet som m.a. har tilbod innan sosial- og kulturfaga. Etterpå var det høve til å spasere på bymurane rundt Derry. Desse vart bygde på 1700-talet og gir eit fantastisk utsyn over byen og dei mange historiske minnesmerka.

fbe05bdd06f5ed5d1a80b58856fa5d939e77b18a

I Belfast nytta vi sjølvsagt også høvet til å besøke vårt partnaruniversitet, St. Mary's Teacher Training College og leiar av internasjonalt kontor Paul Anthony. Her fekk vi ei interessant forelesning om skulesystemet i Irland og fekk fersk informasjon til potensielle utreisande Volda-studentar. Inneverande semester har vi fem studentar frå St. Mary's i Volda og til hausten er det 3-4 av våre studentar som skal til Belfast for eitt semester eller to. St. Mary's høver m.a. godt for lærarstudentar og bachelorstudentar i musikk og kunst og handverk, i tillegg til mediestudentar.

8a587dfb5ea3c721ba59c56c7dfa5152f04a8bd7

Dei to siste dagane av studieturen tilbragte vi i Dublin der leiar av engelskkurset, høgskulelektor Kjell Holby, fann seg eit nytt framkostmiddel. Vi budde sentralt, like ved det kjende Trinity College. Fleire av deltakarane nytta høvet til å besøke colleget, som er Irlands eldste universitet. Her fekk dei m.a. sjå "Book of Kells" som er eit nasjonalt klenodie som inneheld dei fire evangelia skreve på latin. Dette vart til i tida før vikingane kom til landet. Biblioteksalen på Trinity er heile 64 meter lang og inneheld 200.000 bøker.

6e1575a27ef7e2d0b1091fd606cc1c7fd30d8c94

Del på