Å Vestland, Vestland...

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

cdade243ba68c9636132d1916aa2adae9ca3d2d5

Etter å ha delteke på den internasjonale EAIE-konferansen i seks år under den nasjonale "Study in Norway"- paraplyen, fremja Volda ideen om ei ny satsing i regi av samanslutninga UH-Nett Vest. Vi ønskte å markere regionen "Vestlandet" ved å lage vår eigen stand til årets konferanse, som er den største internasjonale konferansen i sitt slag i Europa. Vi fekk gehør for at Volda skulle få prosjektansvaret for standen. Saman med UiB, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund hausta HVO enorm suksess i København.

b38d6d901f4d01a9d6701eaf1caff8370d072eea

Standen ingen kunne gå forbi

Standen vår var svært synleg, nærast som ein installasjon eller eit byggverk, og trakk til seg fleire tusen besøkande dei tre dagane konferansen varte. Det var ein jamn straum av deltakarar som tok bilete av standen, som skilte seg sterkt ut med ei blanding av moderne teknologi og tradisjonelle motiv. Ideen til standen var det Lasse Bryggman som hadde, og han var også med til København saman med prosjektleiar Thomas Lewe. Standen, som er konstruert og bygd av Lasse og Thomas i Volda blei kjørt av dei same to karane i ein leigd lastebil frå Volda via Oslo til København. På Bella Center i København blei standen sett opp att, eit arbeid som tok innpå 14 timar! Då hadde ein i tillegg vore på byen og handla inn diverse lausøyre som krakkar, lampar og leidningar.

Alle som besøkte standen gav uttrykk for at dette var den beste standen på konferansen, og om det hadde vore mogleg å røyste for beste stand så ville UH-Nett Vest gått av med sigeren. Standen representerte noko heilt nytt og annsleis. Det var tydeleg at folk følte seg velkomne inn på standen, og at den opna opp for dialog. Golvet, som også var i tre, viste Vestlandskysten og gav ein god peikepinn på kor vi var lokaliserte.  

Amanuensis Thomas Lewe hadde ideen til ein del spesielle effektar som vi delte ut på standen. Det som kanskje vekte størst merksemd var eigne Vestlandet-tatoveringar og buttons med bilete assossiert med Vestlandet, frå Edvard Grieg til sauer. På fire store skjermar kunne besøkande heile tida sjå bilete av maritim industri, vestlandsnatur, Geirangerfjorden og aktivt friluftsliv. Saman klarte vi å markere Vestlandet sine unike og mangfaldige undervisningstilbod, seier leiar av Internasjonalt kontor ved HVO, Cecilie Wilhelmsen, som saman med Iulia Beleuta og Thomas Lewe representerte HVO under konferansen.

b60cb6f41fd85feed07b53a9a4435de061f536c3

Uvurderleg reklame 

Det er heva over tvil at standen har markert HVO og regionen Vestlandet  på ein framifrå måte. Standen har bidrege til å styrke HVO si stilling internasjonalt. Det faktum at vi posisjonerte oss som eit nettverk gav også dei besøkande fleire assosiasjonar til moglegheitene for utdanning, forskning og naturopplevingar ein ikkje får andre stadar. Gjennom iPad presentasjonar, samtaler og smakebitar av norsk tradisjonsmat og drikke fekk dei besøkande eit godt inntrykk av Vestlandet. Wilhelmsen trur at denne måten å markere seg på berre vil bli viktigare i åra framover.

df43d03fc5bc7e96e9271c5e0e4c0b40b57fd521 

Nye og gamle partnaruniversitet

HVO stilte godt førebudd til konferansen. Det var tett i tett med møter med noverande partnarar og potensielt nye partnarunviersitet. HVO framstår som ein svært attraktiv samarbeidspartnar for mange institusjonar, og ein slik konferanse er med å styrke banda som alt er etablert og utvikle desse, samstundes som nye blir oppretta. Ut frå behovet for nye avtaler og diskusjon i Internasjonalt utval, råd frå fagmiljøa og ønskje frå studentar, vart det etablert og vidareutvikla kontakt med universitet i dei nordiske landa, i tillegg til m.a. Frankrike, Italia, Nederland, Spania, Storbrittania og Aust-Europa, med universitet i USA, Australia og Japan. 

f08b8f3f8878ebf8a948d4825ae016b4d92613ab

Gjenbruk av standen

Koordinator i UH- Nett Vest, Lene Bakke, var  med til København og gav klare tilbakemeldingar på at standen må nyttast ved fleire høve, m.a. ved neste års EAIE-konferanse i Dublin. Standen er utforma for fleksibiltiet og kan nyttast heil eller delvis alt etter behov, og er ein unik måte å profilere UH-Nett Vest samarbeidet.

Bilete: Sverre Ole Drønen
For ytterlegare bilete sjå: http://www.flickr.com/photos/2maslewe/

Del på