Vil du bli PR-ansvarleg på Rokken?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

bc34b18a714c1d704d07c92486082bc9731e7c74

Studenthuset Rokken er på dagtid ein kafé med matservering, og på kveldstid ein populær samlingsstad for studentar, og er største konsertscene mellom Trondheim og Bergen. Det er tilsett ein dagleg leiar samt kokkar, men drifta er basert på frivillig innsats frå studentar.

Ansvarsområde:
•    Kreativ og effektiv PR for studenthuset Rokken
•    Skape medieomtale av konsertar i forkant.
•    Lede ei undergruppe med ivrige studentar.
•    Samarbeide med studentsamfunnet i Volda.

Om deg:
•    Du har god IKT-kompetanse, og det er ein fordel å kunne Photoshop og InDesign, men dette er ikkje eit krav.
•    Du må kunne leie PR gruppa.
•    Du er samarbeidsvilleg, positiv og arbeidsam.
•    Du er målretta og kreativ.

Vi tilbyr:
Som PR-ansvarleg vil ein ha ei kreativ og teknisk dyktig undergruppe med mediedesignarar, konsertfotografar og plakatopphengarar. Ein vil også å få jobbe me informasjons- og PR-kampanjer for studenthuset og studentsamfunnet. Ikkje minst gjer denne stillinga seg godt på ein kvar CV når ein skal søke jobb, då erfaring frå frivillig arbeid er noko alle arbeidsgivarar sett pris på. Samtidig er det også eit leiarverv, og ein får viktig medieerfaring.

Søknadsfristen er 15. januar.
Spørsmål om stillinga rettast til krissroed@gmail.com
Søknad med CV og/eller attestar sendast til post@rokken.no

Del på