Vil du bli studentambassadør?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2b1e16e361dd36d98723ab3c94e39afcc08e35f2
Høgskulen søker engasjerte studentar til ambassadørarbeid i januar og februar.

MESSER OG SKULEBESØK

Høgskulen i Volda deltek i januar og februar på utdanningsmesser i Oslo, Lillestrøm, Bergen, Ålesund og Trondheim. På messene riggar studentane opp standen til Høgskulen med messevegg, møblar og informasjonsmateriell. Kvar messe varer i to til tre dagar. I tillegg er det studieorienteringar på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. På desse skulebesøka blir det vist ein film om Høgskulen i tillegg til at studentane fortel og svarer på spørsmål i klasserom. På studieorienteringane er det ønskjeleg at dei som er ambassadørar deltek ei veke, mandag til fredag. Det kan også bli aktuelt med ambassadøroppdrag utover dette.

OPPLÆRING I FORKANT

Som studentambassadør skal du fortelje om korleis det er å vere student i Volda, om studietilboda våre og om studie- og studentmiljøet. Ambassadørane får opplæring før rekrutteringsperioden tar til og det blir gitt innføring i studieportefølgjen vår. Vi ønskjer både gutar og jenter, og vil ha ei blanding av ulike studieretningar og geografisk tilhøyring.

PRAKTISK INFORMASJON

•             Det vil alltid vere to studentar saman

•             Høgskulen dekkjer flyreise, overnatting og ordnar med bil

•             Arbeidet er lønna, i tillegg til at det blir utbetalt kostgodtgjersle

•             Studentambassadørane får attest

Søknadsfrist 1.oktober. Vennlegast send søknad og CV til Informasjonskontoret
v/Ann Karene Rasmussen: rasmuann@hivolda.no | 70 07 54 70

Del på