Vil du ha eit kick?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Er du regissør har du hovudansvar for  revyen. Det vil seie at du skal halde audiotion, sørgje for at manus blir skrive og rettleie skodespelarane.
– Regissørane får jo lage revyen og den blir på ein måte deira verk. Tenk på korleis ein då får utvikle kreativiteten, seier Synnøve.

8e8cd7ab7ef99048a6afe3294518d202e008d29c
Revysjef Synnøve lover mange spennande utfordringar om du blir med på laget (Foto: Eirin Aardal).

Lystbetont
– I fjor var eg inspisient, men sjølv om eg berre gjekk og bar stolar bak scena fekk eit eit utrulig kick, fortel revysjefen. Ho vil at arbeidet med veka skal vere lystbetont og moro.  – Premieredagen er utrulig tilfredstillande. Det går nesten ikkje an å sette ord på.

Kostymeansvarlig
I tillegg til to regissørar trengs ein kostymeansvarlig som skal sørgje for at kulissar og kostymar er på plass.
– Kostymeansvarlig kan opprette undergrupper og ha ein sminkeansvarlig under seg om han eller ho ønskjer det. Eg vil gje ganske frie tøylar når det gjeld organisering, avslutter Synnøve.

Kontakt: Synna_@hotmail.com om du er interessert!


Bilete: Revysjef Synnøve R. Hjellestad
Tekst/Foto: Eirin Aardal

Del på