Vil du lage reklame for FN?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

970c531c246a4c585c170da61059280689ec0c09
Logo for FN sin reklamekonkurranse

Krav til ditt bidrag

Bidraget må uttrykke bodskapen ”Nei til vald mot kvinner” på ein tydeleg måte. På nettstaden til konkurransen kan du lese meir om bodskapen som skal formidlast.

Utforminga til reklameplakaten skal vere eit effektivt verkty for å formidle denne bodskapen, og skal ha som mål å auke bevisstheita om vald mot kvinner.

Bidraget må innehalde logoen til ”Say no to violence against women”.
Logoen kan du laste opp her.

Slik deltek du i konkurransen

Lag ei reklame med ein effektiv bodskap for å auke bevisstheita mot vald mot kvinner i ei spanande utforming.
Gå til nettstaden til konkurransen for å laste opp ditt bidrag.
Hugs å nytte logoen til kampanjen på bidraget ditt.

Fristen for å levere ditt bidrag er midnatt 30. mai.

Alle som deltek i konkurransen held på rettane til kunstverket, og vil bli kreditert kvar gong kunstverket vert trykt.


Slik vert vinnarane valt

Alle bidrag som vert innsendt vil bli vurdert av ein komité hovudsakleg beståande av designarar og kjønnsekspertar. Dei 30 beste bidraga vil bli sendt til ein jury beståande av ekspertar innanfor grafisk design, reklame, foto og kjønn. 1. juni vil dei 30 beste bidraga bli publisert på konkurransen sin nettstad, og det blir opna for offentleg røysting der dei resterande deltakarane kan vinne publikumsprisen. Ungdomsprisen blir valt ut av Fabrica som er ein del av Benetton Group.

Tre premiar i konkurransen

1. Juryen vel ut ein vinnar av førstepremien på 5000 euro, som tilsvarar 40 000 norske kroner.
2. Vinnaren av den offentlege avstemminga vinn 1500 euro, som tilsvarar over 12 000 norske kroner.
3. Vinnaren av ungdomsprisen får eit to vekers prøveperiode som designar i Italia.
25. november er det premieseremoni.

Meir om konkurransen

Kjelde: www.fn.no


 

Del på