Vil du leie den beste veka i året?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Leiaren skal sørgje for at det som skal gjerast blir gjort, og fungerer som kontaktperson for Rokken og Studentsamfunnet.
– Eg er svært nysgjerrig og kunne ikkje la sjansen gå frå meg. Heldigvis hadde eg eit fantastisk styre der alle var med på alt, og eg er veldig stolt av dei alle saman, seier Camilla.

Vekastyret er eit styre som samarbeider om det meste. Dei ulike verva har forskjellige arbeidsoppgåver, men alle avgjersler vert tekne på styremøta. Slik kan alle vere med på å farge veka.
– Det heile enda opp med å ikkje vere skummelt i det heile tatt. Det vart ei veke eg berre har gode minner frå, og som har gått meg nye og gode venner som eg er utrulig glad for at eg har møtt.

9e68955f61d2e4d1aac95c1f070dcb26d1d20f26
Fjorårets vekasjef, Camilla Auflem Vik har berre gode minner frå det å vere vekasjef.

Sponsoransvarleg
I tillegg til sjefsvervet treng veka ein av to sponsoransvarlege. Som sponsoransvarleg har du ansvar for å skaffe både internasjonale, nasjonale og lokale sponsorar og følgje opp at pengane kjem inn. I tillegg har du ansvar for å halde oversikt over annonseplass og sjekke at sponsorane vert tekne godt vare på.

Høyrast dette kjekt ut?
Kontakt: Eirin Aardal, aardal@hivolda.no (PR- ansvarlig)

78684a3c2ac12f45dc8d02829fd2c7916dbcf213
Surferosa gjesta Rokken under Veka 2008.

Del på