Vil du vere guide under karrieredagane?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I november skal det arrangerast karrieredagar på Søre Sunnmøre. Arrangementet skal gå føre seg 10., 11. og 12. november. Det skal vere to lokasjonar, Høgskulen i Volda og Herøyhallen. Alle elevar i 10.klasse i grunnskulen og elevar i dei vidaregåande skulane i regionen er inviterte.

I samband med dette arrangementet har informasjonskontoret behov for ca 17 guidar, som skal ha ansvaret for å ta rundt gruppene til dei ulike postane på HVO. Vi ønskjer difor å kome i kontakt med studentar som er interesserte i eit slikt lønna oppdrag. Ta kontakt med Torill Engeseth på epost: te@hivolda.no eller mob:45806705, eller STiV-kontoret: stiv@hivolda.no.

Del på