Vil du vere HVO-ambassadør?

Tekst: Webmaster Volda

Vi treng mellom 10-15 studentar frå ulike studieprogram til å arbeide med rekruttering i januar-mars 2011. Studentar og HVO-tilsette vil utgjere eit team som vert fordelt på dei ulike destinasjonane. Ein HVO-ambassadør er smilande, utadvendt, interessert i å treffe nye menneske, engasjert og glad i ei utfordring eller to. 

aae53b9eff3ae71ce01fb3eabb194393ab24749f

Har du hjartet i Volda og ønskjer å utfordre di eiga presentasjonsferdigheit?

HVO-ambassadørane skal vere med å presentere Høgskulen i Volda på rundreiser for vidaregåande skular og representere høgskulen på utdanningsmesser. I oktober/november vil det vere kick-off for alle ambassadørar med opplæring.


Som HVO-ambassadør får du:

-Dekt reise og opphald i tillegg til lønn

-God erfaring frå PR og representasjonsarbeid

-Mange nye venner


Send ein kort søknad til Marthe Alnes på Informasjonskontoret, marthea@hivolda.no. Har du spørsmål kan du ringe 926 45 594 eller 700 75 171.


Skuleorientering vidaregåande skular

Veke 2, 11.-15. januar, Sogndal-Sunnfjord

Veke 3, 17.-22. januar, Flora-Nordfjord

Veke 4, 24.-29. januar, Volda-Høgtun

Veke 5, 31.-5. februar, Molde-Rauma


Utdanningsmesser

10.-11. januar, Stavanger

18.-20. januar, Lillestrøm

27.-28. januar, Tromsø

31.-01. februar, Ålesund

3.-4. februar, Trondheim

10.-11. februar, Bergen

15.-17. februar, Oslo

Del på