– Vil vise Syria frå ei anna side enn slik media framstiller det

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

045d06646ab10f8cb883ee5046a6f375
Saad (t.v.) og Rajeh Al-Rajeh skal snakke under det opne foredraget.

Onsdag 6. april vert det eit ope foredrag om Syria i regi av VUC Global Forum. VUC Global Forum er ein møteplass mellom studentar og tilsetje ved HVO og flyktningar med akademisk bakgrunn. Forumet har møte kvar onsdag kl. 18.00-20.00 i Berte Kanutte vesle auditorium. For kvar veke er det eit nytt tema som vert belyst. Neste veke er altså temaet Syria. Innleiarane til møtet er Rajeh og Saad Al-Rajeh, to brør frå Syria som no bur i Volda.

– Vi vil at folk skal sjå Syria frå eit syrisk perspektiv, ikkje berre slik media framstiller det. Vi er ikkje alltid einige med media, sjølv ikkje arabiske media. Vestlige media viser aldri noko positivt om Syria, om kulturen eller menneska, eller at til dømes mange nordmenn besøkte Syria tidlegare og at mange utlendingar studerte ved Universitetet i Damaskus, seier Rajeh og Saad Al-Rajeh.

Ein av initiativtakarane til VUC Global Forum er leiar for Internasjonalt kontor, Arne Humberset. Han oppmodar folk til å kome å høyre historia frå to syrarar om landet som er mykje omtalt i media.

– Dette er ei flott anledning til å lære meir om Syria og situasjonen i landet før og under krigen. Vårt inntrykk av land som Syria vert sterkt farga av mediebiletet som berre fokuserer på krig og elendigheit. No som mange syrarar har kome til Noreg og til vårt område, er det spesielt viktig at vi får eit betre innblikk i landet si historie og kultur, seier Humberset.

Informasjon om dette og framtidige møte i VUC Global Forum finn ein på facebook-sida: www.facebook.com/VUC.Global.Forum/ 

Alle er velkomne og til å delta på eit eller fleire møte.

Del på