Vinnarane av #MittVolda

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

1d4aeb2238f5c031adefcbb52dd3648b
Vinnarane frå instagramkonkurransen #MittVolda, Marius Bøstrand og Ingeløw Elise Kopperud.

Marius Bøstrand, som går siste året på Volda vidaregåande skule, stakk av med førstepremien og vart den heldige vinnaren av ein Ipad Mini.
─ Mitt Volda er Rotsethornet. Det er det som karakteriserer Volda. Eg likar å vere ute å gå i fjellet seier Marius, og dette viser godt igjen på vinnarbildet.

8b3678e9c3958578a3c30c4551338b60

Juryen sei dette om bildet: 
«Marius har Volda for sine føter og ser ut og framover! Eit fantastisk bilde!»

Andreplassen gjekk til Ingeløw Elise Kopperud, som går masteren i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Ho vann eit gåvekort på 500 kroner i kantina ved høgskulen.
─ Mitt Volda er studentmiljøet, frivilligheit, Dokfilm, fjord, fjell og svele, fortel Ingeløw. 

a4824d73c71ff870912ad34f98053975

Juryen sei dette om bilde:
«Ingeløw skildrar med dette bildet ein idyllisk studiekvardag i Volda, omkransa av vakker natur.»

Juryen har bestått av tre medielærarar og representantar frå informasjonskontoret ved høgskulen. Vi gratulerer begge to!

Sjå fleire fine bidrag til #MittVolda her.

Fekk ikkje du med deg filmen «Kva er det beste med Volda»? 

Høgskulen i Volda på Instragram: @hivolda

Del på