Vinnaren av # TypiskVolda er kåra

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

69a5c57d3d81176e4cff6d43344ba78492247708
Jurymedlem Arne Christian Ingvaldsen gratulerer Cecilie Sandvik. ─ Så utruleg morosamt, seiar ei smilande Sandvik.

Ho fortel at ho aldri har hatt besøk heimafrå før og gler seg difor ekstra mykje til å spørje nokon.

– Eg har ikkje bestemt meg for kven eg skal invitere, men eg har allereie tenkt ut nokon som fortenar å komme hit. Eg gler meg til å vise fram kor vakkert Volda er, fortel studenten som studerer andre året Drama og Teater på høgskulen.

3bbe3796e0d283a93165b2b5f773eef339581b78

Juryen som har plukka ut dei ni finalebileta har bestått av Line Kibsgaards Sjøhelle frå reklamebyrået Kib&Morits, Camilia N. Jensen som har vore studentrepresentant frå Studenttinget i Volda og Arne Christian Ingvaldsen som representerer Høgskulen i Volda. Juryen seier om bilete: «Eit flott fotografisk bilete som viser at ein i Volda får vener for livet. Flott blikk-kontakt mellom dei to individa.»

Avstemminga i #TypiskVolda konkurransen fekk til saman 1112 stemmer, og med 367 av desse kapra Sandvik 29 % av stemmene. På andre plass kom bilete nummer 3, tatt av Maria Kalvø, med 271 stemmer, og på tredje plass kom bilete nummer 1, tatt av Christine Olsen, med 204 stemmer.

Til konkurransen kom det inn over 650 bileter, og vi takkar for alle bidrag som har vist oss kva studentane meiner er typisk for Volda.

Del på