Volda er store på utveksling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0f555d6f64292e7cc7b9c87659ff9b553df11697

Varm velkomst i Volda

I går var det velkomstmiddag for rundt 70 nye Erasmus-studentar (sjå biletet) og innpå 30 studentar på det eittårige studiet Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar (NUS) på studenthuset Rokken. Eit 20-tals norske studentar var også inviterte som representantar for ulike lag- og studentorganisasjonar. Dei imponerte dei utanlandske studentane med alle tilboda som finst i Volda, og som kan vere med å krydre studentkvardagen. Etter introduksjonen fekk studentane nyte herlege tapas-rettar og sto sjølve for underhaldninga etterpå. Vi fekk smakebitar på spansk og fransk dans, og dei norske studentane slo også til med heftig danseoppvisning. Kenyanske studentar og tsjekkiske bidro med vakker sang og studentar frå Tsjekkia og USA trakterte pianoet. Alt i alt er dette ein svært lovande start på eit fargerikt internasjonalt semester.

Internasjonal klubb

Komande fredag er det duka for norsk kveld på Internasjonal klubb på Rokken kl. 19.00. Då skal norske studentar få høve til å gi smakebitar av norsk tradisjonsmat og underhaldning. Fredag 7. september er førebels sett av til cubansk kveld. Internasjonal klubb er gratis for alle studentar og tilsette og er ein viktig møteplass mellom studentar frå alle verdshjørne.

Volda-studentar dreg ut i verda

Samstundes med at straumen av utanlandske studentar inn til Volda aukar monaleg, dreg stadig fleire Volda-studentar ut i verda. Dette haustsemesteret er mellom 130-140 studentar på veg ut. Rundt 20 av desse drar på Erasmus-utveksling til partnarar i Europa, rundt 30 til USA og rundt 20 på vårt eige Austral-asiatiske kulturstudie. Rundt 30 sosialfagstudentar dreg på praksisopphald i Kenya og India, og ei gruppe mediestudentar dreg også til India på eit eige reportasjeopphald. 

5bbb5e56c33ad9cdf464be0b3c2148a0db02cd56

Utveksling våren 2013

For Volda-studentar som ønskjer seg på utveksling i vårsemesteret er søknadsfristen 15. oktober. Ta gjerne kontakt med internasjonalt kontor (BK 362) for meir informasjon eller med dei faglege internasjonale koordinatorane på avdelingane, eller send ein mail til cw@hivolda.no  Ønskjer du å dra på Erasmus-opphald så er prosedyrane enkle. Du slepp å betale skulepengar og du får 325 Euro i månaden i Erasmus-stipend, i tillegg til støtte og reisestipend frå Lånekassen. Det finst også gode moglegheiter for å få stipend til språkkurs i landet ein dreg til (utanom engelsktalande land). Vil du lengre vekk, bør du vere rask til å orientere deg om kvar du vil dra. Vi hjelper deg gjerne!

e4c49e1c92db82b81734680f5a24012a7dd61bf5  

Bilete: Marieke Mulders

Del på