Volda med hybelgaranti

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

8fc09ea9e38026b40f94b9ba9e2ba684

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, lover at alle studentane som no er i ferd med å innta Volda skal få seg ein hybel.

– Studentsamskipnaden og den private marknaden ordnar bustadar til studentane ilag. Dei siste åra har det vorte leigd ut hyblar til korttidsleige til ein finn ei meir permanent løysing. I verste fall kan studentane sove på flatseng nokre netter før det løyser seg, seier Roppen.

Den nyleg tiltredde rektoren vil ikkje vere med på at det er alt for få bustadar til studentar i Volda, slik fleire medieoppslag har tyda den siste tida.

– Det er ingen hybelkrise i Volda. Det er bra balanse mellom tilbod og etterspurnad, slår Roppen fast.

NORMALSITUASJON

På kontoret til Studentsamskipnaden for Sunnmøre i Volda har dei nok å gjere om dagen, men dei fortel om ein normalsituasjon.

– Det er slik som det har vore dei siste åra – heilt normalt. Vi veit ikkje om studentar i Volda frå tidlegare som har sagt frå seg studieplassen sin fordi at dei ikkje har funne seg ein stad å bu, seier eigedomssjef i Studentsamskipnaden, Rune Ertesvåg.

b5552ab9f6ed7fcac599ecb0117257f1
Bustadkonsulent Magnhild Kile og Rune Ertesvåg i Studentsamskipnaden er sikre på at alle studentane vil få seg ein stad å bu.

ORDNAR SEG ALLTID

Det er venteliste på Studentsamskipnaden sine studentbustadar i Volda per dags dato, fortel bustadkonsulent i Studentsamskipnaden, Magnhild Kile.

– Men ein del av dei som er på venteliste, har allereie fått seg ein bustad gjennom den private marknaden. Det vi veit er at det alltid ordnar seg. Vi garanterer at alle studentane skal få ei seng å sove i når dei kjem hit. Om vi ikkje har plass, viser vi dei til privatfolk som leiger ut hyblar. Og til dei som ikkje har fått ein bustad til studiestart, har vi flatsenger som dei kan ligge på til ting er på plass, seier Kile.

Det er ei kjend sak at Samskipnaden sine bustadar ikkje kan huse alle studentane i Volda. Men folk i Volda er kjend for å vere gjestfrie og leiger ut hyblar.

– Voldingane har vore vande med høgskulestudentar i mange år og vande med å leige ut bustadar. Så fort dei ser at det er nokon som manglar plass å bu tek dei kontakt. Og haldninga er lik i år også, det er mange som ønskjer å leige ut, seier Kile.

pressefoto

Studentbustadar, Røysmarka
Magnhild Kile og Rune Ertesvåg

Del på