Volda-student tildelt The Apeland Viking Scholarship

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

879e1d3bb8f574424300f25942839ea969b519cc
Administrerande direktør i kommunikasjonsbyrået Apeland Ole Christian Apeland og PR- og kommunikasjonsstudent Annette Fischer. Foto: Katrine Lunke.


Kvart år utlyser The Brittingham Viking Organization (BVO) The Apeland Viking Scholarship som blir tildelt ein student innanfor PR- og kommunikasjon med gode akademiske og sosiale ferdigheter. I tillegg skal studenten også ha vist engasjement utanfor studiene, og ha god engelsk forståing.  Kvifor nettopp ho vart vald ut, synest Fischer det er litt vanskeleg å svare på.

─ Eg håpar at dei ser at eg har ambisjonar og ein lidenskap for kommunikasjonsfaget. I tillegg til at eg er ein positiv person som vil representere både Apeland og Brittingham Viking Organization på ein god måte. Eg trur også at eg hadde ei styrke i at eg svarte heilt ope og ærlig på det dei spurde om. Eg trur det er viktig å ikkje berre svare det ein trur at dei vil høyre.

Sjølv om Fischer har vore i USA før, ser ho fram til å besøke landet på ein annleis måte. Fischer gler seg til å oppleve noko heilt nytt, og til å reise aleine.

─ Det er sjølvsagt litt utfordrande å skulle reise aleine, men det er noko av det eg ser mest fram til. Eg likar å bli pusha litt utanfor komfortsona, fordi ein veks så utruleg mykje på å gjere noko utanom det vanlege.

EIT STORT NETTVERK AV «VIKINGAR»

I tillegg til Fischer er det to frå Sverige og ein frå Finland som har fått Viking-stipendet. 

─ Eg gler meg også utruleg mykje til å treffe dei eg skal bu med, som har fått Viking-stipendet i sine heimland. Og til å oppleve korleis det er å studere på amerikansk universitet, og å reise rundt i USA og bli kjent med landet på en annleis måte.

Ein viktig del av opplegget er å reise rundt og treffe tidlegare stipend-vinnarar. 

─ Brittingham Viking Organization har eit stort nettverk av tidligare stipend-vinnarar som bur i USA. Veldig mange av desse ønskjer besøk av dei nye «vikingane». Ein blir ein del av eit stort nettverk og knyter kontaktar både i Skandinavia og USA. Eg ønskjer å besøke så mange som mogleg, saman med dei andre stipendvinnarane frå Skandinavia. Det er ein fantastisk mogelegheit til å oppleve USA på ein annleis måte, i og med at vi vil bu hos lokalkjente.

PRAKSIS BEKREFTA UTDANNINGSVALET

Fischer er for tida i praksis i kommunikasjonsavdelinga på Haukeland Universitetssjukehus, noko som har gjort ho sikker i utdanningsvalet. 

─ Det er utruleg spennande og eg trives kjempegodt. Eg hadde berre vore her i noen dager då eg søkte på Apeland-stipendet og mykje av grunnen var at eg merka med éin gong eg kom hit at eg har valt riktig utdanning og ønskjer å lære meir. Kommunikasjon innan helsevesenet er veldig spennande. Masse utfordringar og veldig varierte arbeidsoppgåver.

erfaring frå UTVEKSLING

Dei to månadane ved The University of Wisconsin-Madison blir ikkje Fischer sitt første møte med utanlandske studieinstitusjonar. For eit år sidan, i vårsemesteret 2012, studerte ho ved University of Westminster i London. 

─ Det var ei fantastisk oppleving. Eg reiste heilt alene og fekk veldig nære venner frå mange ulike delar av verda. Det ga absolutt meirsmak. No er det ikkje lengre like skummelt å reise på eiga hand, eg har fått erfare at det er lettare enn ein trur å komme i kontakt med nye menneskjer og eg har verkeleg sett verdien av å gå litt utanfor komfortsona.

Del på