Voldastudentane er mest nøgde

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

f949c284d8f87f0302d433fdaca47a28

Studentvurdering av Høgskulane i Møre og Romsdal, hausten 2015:

  • Høgskulen i Volda 4,1
  • Høgskolen i Ålesund 3,9
  • Høgskolen i Molde 3,7

Tala går fram av den nasjonale kartlegginga Studiebarometeret, som det statlege kvalitetssikringsorganet NOKUT står bak. I alt var det ca 60 prosent av andreårsstudentane ved Høgskulen i Volda som deltok i kartlegginga. Høgskulen i Volda har gjennom ein rekrutteringskampanje nesten dobla talet på studentar som deltok i undersøkinga i høve til tidlegare, noko høgskulen er svært nøgd med, men som også er nødvendig for at undersøkinga skal kunne brukast til kvalitetsutvikling.

Studiedirektør Gonnie Smit er glad for at tala syner at voldastudentane i all hovudsak er nøgde med studiet dei har valt, studentane meiner studiet har relevans for arbeidslivet og gir god karakter når det gjeld engasjement og samanheng i studiet. Derimot er høgskulen overraska over at studentane sakna større høve til innverknad på studia og seier at dette er noko høgskulen må ta tak i.

– Vi ligg 0,1 poeng lågare enn landsgjennomsnittet på dette punktet, så her bør vi ha noko å hente, seier Smit.

Smit legg til at alle studentar har høve til å påverke  studiet sitt gjennom deltaking i fagutval, strategisk studienemnd og høgskulestyret – i tillegg til direkte kontakt med lærarane. Smit trur at det kanskje trengst meir informasjon til studentane om korleis dei kan påverke studiekvardagen.

Del på