Voldastudentar blant vinnarane på årets Dokfilm

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Vinnarane av Pitchetevlinga

Fredag 6. mai fekk sju filmskaparar presentere sine idear for ein fagjury på Rokken. I fagjuryen sat Marie Sjo (NRK), Vebjørn Hagen (TV2) og Irmelin Nordahl (Vestnorsk Filmsenter). NRK og TV2 stilte begge med 15.000 kroner i prosjektstøtte til vinnarane.

Det var Linda Steinhoff sitt prosjekt ”Voldtektslandet Norge” som fekk prosjektstøtte frå NRK og Marie Sjo, medan HVO-studentane Einar Sleire og Joachim Storvik sitt prosjekt med ”Livet der ute” fekk prosjektstøtte frå TV2 og Vebjørn Hagen.

Vinnarane av årets festival

Laurdag kveld 7. mai vart det halde prisutdeling for vinnarane av årets Dokfilm. Prisutdelinga vart etterfølgt av ein avslutningsfest på Samfunnshuset i Volda.
Beste studentproduksjon gjekk til  ”Under snøen” av Hilde Ranheim, student ved Høgskulen i Volda. Juryen, som besto av Gunhild Asting, Mali Finborud Nøren og Dag Roland, delte i tillegg ut heiderleg omtale til tre studentproduksjonar: ”Velkommen inn” av Einar Sleire og Joachim Storvik, ”Personal Velocity” av Jon Vatne og «Stemmer fra innsiden» av Madeleine Hagen.

Hovudjuryen nominerte fire av dei norske filmane til "Beste dokumentarfilm". Dei nominerte var:

  • ”Den umulige reisen” av Arild Mehn-Andersen
  • ”Indian Summer” av Ellen Ugelstad
  • ”Frihet, likhet og det muslimske brorskap” av Per Christian Magnus
  • ”Knut Sigve frå Folkestad” av Gunhild Asting.

Prisen ”Beste dokumentarfilm” gjekk til  ”Knut Sigve fra Folkestad” av Gunhild Asting. Både Knut Sigve og mor til Knut Sigve, Gudveig Sollid, var tilstades og fekk ta imot prisen saman med regissør Gunhild Asting.

defdfb4b2fea3d8c475b0c6af1b2a31e5ca49de3
Knut Sigve Sollid og regissør Gunnhild Asting (foto: www.dokfilm.no)

Publikumsprisen

Under festivalen kunne publikum gje karakterar til kvar film som vart synt fram. Her stemte publikum fram at vinnaren av ”Publikumsprisen” var Vibeke Løkkeberg med dokumentarfilmen ”Gazas Tårer”.

KortSagt-konkurransen

Vinnaren av KortSagt-konkurransen var kortfilmen «Ung Mor» av Pia Øye Bjørneset.

Les meir på nettstaden til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Del på