VRI Møre og Romsdal med støtte til studentproduksjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

06b0993da23bddca368fcd5df1ca9050b48b6070
Illustrasjonsbilete.

Filmen set fokus på laksen sitt liv frå smoltanlegg til oppdrettsanlegg, til slakteriet og vidare til Marine Harvest sin fryseterminal på Gardermoen, før fisken vert distribuert til verdsmarknaden.

Studentane ønskjer trinnvis å fortelje om dei ulike prosessane fisken går gjennom, før den endar opp i ein sushibar i Japan eller ein restaurant i Frankrike. Filmen fokuserar også på å få fram dei ulike nasjonalitetane innan fiskenæringa, samt å setje eksportmengda i eit historisk perspektiv. Steinar Høydal ved Avdeling for journalistikk og mediefag har vore rettleiar undervegs i prosjektet.

Filmproduksjon er ofte kostbart, og studentane søkte difor om støtte til prosjektet frå VRI i Møre og Romsdal. Resultatet av det var at dei fekk ei støtte på 10.000 kroner kvar, mellom anna til reise og utstyr.

VRI Møre og Romsdal opererer innanfor to bransjar: Maritim og Marin bransje. Bjørn Gunnar Tafjord er prosjektleiar for VRI-satsinga ved Høgskulen i Volda. Nokre av målsetjingane til VRI er:

  • Å fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.
  • Få fleire bedrifter i Møre og Romsdal til å satse på næringsretta forsking.
  • Komplettere det maritime innovasjonssystemet med tverrfaglige bidrag.

Les meir om VRI

Del på