Friluftsliv fordjupning
Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka friluftslivsdeltaking og helsefremjande arbeid i samfunnet. Studenten skal kunne planlegge og dels drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betydning for valet av ein fysisk aktiv livsstil. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande fordjupingstudium med sikte på auka kompetanse for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet gir grunnlag for mastergradstudium innan friluftsliv ved fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.
Læringsutbytet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læruingsutbyte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha:
- kunnskap om naturen som lærings- og opplevelsesarena,
- kunnskap om leik og meiningsdanning i naturen
- kunnskap om friluftslivet si historie og plass i det norske samfunnslivet
- kunnskap om pedagogikk, beslutningsteori, gruppepsykologi og leiing
- kunnskap om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synsstad
- kunnskap om vegledningsmetodikk og pedagogikk, planlegging gjennomføring av læring og opplevelsesaktivitet
- kunnskap om turplanlegging og risikohandtering
- Kunnskap om å tilrettelegge for grupper med ulike behov og forutsetningar
- kunnskap om friluftsliv i eit helseperspektiv
- Kunnskap om spesielle naturområder knytt til sjølvvalgt fordjupingstur
Studenten kan
- planlegge, gjennomføre og vurdere læringsarbeid ut fra didaktiske prinsipper, samt variere innhald og arbeidsmåtar i leik, oppleving og læring i naturen til alle årstider
- gjere greie for friluftslivets historie og plass i det norske samfunnslivet
- planlegge og gjennomføre læringsaktivitet i friluftsliv
- uttrykke si faglege forståing skriftleg og munnleg
- bruke grunnleggande kunnskap i vitskapsteori og metode
Studenten har
- allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- grunnleggande kunnskaper, ferdigheiter og haldningar for å kunne ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel, med vekt på sjølvvalt fordjupingsområde og vinterfjell
- dei kunnskaper, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike former for ferdsel i naturen
- kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv innan privat verksemd og offentleg samanheng
- bakgrunn for og erfaring i vegledning/undervisning i og om naturen
Studiet er satt saman av fire emne, kvart på 15 stp.:
- Friluftsliv I, IFL 203, har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Emnet består seg mellom anna av eit vidaregåandebrekurs, ferdsel i alpine fjellområde, naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell, samt filosofiske og didaktiske perspektiv. Emnet inneheld også ein periode med eigenutvikling innanfor eit sjølvvalt tema.
- Helseemnet, IFL 205, omhandlar fysiologiske og psykologiske perspektiv knytt til friluftsliv som helsefremjande aktivitet. Praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt. Observasjonspraksis knytt til helsefremjande arbeid med friluftsliv.
- Friluftsliv II, IFL 204, har vekt på vinter, snø og skred, der ein byggjer vidare på kunnskapen frå grunnivået. Vinteren startar med eit vidaregåande skredkurs og i løpet av vinteren skal studentane velje ein fordjupingstur til Sveits, Svalbard eller i Norge (desse kan ha eit avgrensa tal plassar). Våren inneheld ei studiesamling på snødekka bre på ski, og som siste faglege samling blir det eit segltokt på Sunnmørskysten.
- Bacheloremnet, IFL 206, inneber ei skriftleg oppgåve knytt til tema innafor friluftsliv, der ein nyttar vitskapleg tilnærming med utforming av problemstilling, val av metode, innsamling av data og drøfting.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige
I samband med Helse, IFL 205, skal studentane gjennomføre fire dagar observasjonspraksis knytt til helserelatert arbeid med friluftsliv i gruppe på 2-3 studentar. I samband med Friluftsliv II, IFL 204, skal studentane gjennomføre fire dagar praksis, der studentane har hand om eit heilt eller fleire opplegg. I løpet av IFL 203 eller 204 skal studentane gjennomføre praksis med medstudentar eller andre studentar.
Materialpengar skal dekke bruk av utstyr og materiell. Sjå emneplanar for meir informasjon.
Utgifter: studentene må sjølv syte for transport til og frå samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.