See list of study plans starting on:

Religion, livssyn og etikk 4x15 stp, nettstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk, 4x15 stp nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Vidare gir studiet innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i nettstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Ver merksam på at frå hausten 2017 vil det bli krevd masterutdanning for å få opptak til PPU. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

- grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi

- grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet

- kunnskap om religionsfaget i norsk skule

Ferdigheiter

- analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttrykk

- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg

Generell kompetanse

 Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire obligatoriske emne. Studiet er heilt nettbasert og kontakt med faglærarar, undervisning, arbeidskrav, leksjonar og eksamen foregår i Fronter.

 

Religion, livssyn og etikk 4x15 stp, nettstudium
Praksis

Det er ikkje knytt praksis til dette studiet

Kostnader

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 16 000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Bente Afset, 70075107, Bente.Afset@hivolda.no