Religion, livssyn og etikk 4x15 stp, nettstudium
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Vidare gir studiet innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg, og er derfor viktig for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i helsesektoren, i media og i kyrkja. Dei ulike emna i nettstudiet i RLE kan innpassast i ulike bachelorgrader. Saman med praktisk pedagogisk utdanning (PPU) kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Ver merksam på at frå hausten 2019 vil det bli krevd masterutdanning for å få opptak til PPU.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- kunnskap om religionsfaget i norsk skule
- analytisk kompetanse i å tolke tekster og andre kulturuttrykk
- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter sjølvstendig i utdannings- og yrkessamanheng
Studiet består av fire obligatoriske emne. Studiet er heilt nettbasert og kontakt med faglærarar, undervisning, arbeidskrav og leksjonar foregår i Canvas.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ikkje knytt praksis til dette studiet
Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 16 000 (kr 4000 pr. emne) + semesteravgift.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.