Helsefag for sosialarbeidarar
- Sosialarbeidarar er ei viktig yrkesgruppe m.a. innan rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helse, habilitering og rehabilitering. Behovet for helsefagleg kompetanse i møte med ulike brukargrupper har gjort seg gjeldande. Ei utvida kompetanse vil gi ei meir fleksibel teneste. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt.
Ei vidareutdanning som tek sikte på å kvalifisere sosialarbeidarar til å kunne fange opp kliniske teikn, gi medisin og observere biverknader vil legge grunnlag for ein breiare funksjon og ei større fagleg breidde. Når ein også rettar merksemda mot tema som kan fremje helsevennlige val (m.a. fysisk aktivitet, ernæring og hygiene) vil det bidra til å understøtte god kvalitet i sektoren.
Vidareutdanninga skal bidra til at sosialarbedarar får utvikla ny kompetanse til å samhandle med andre yrkesgrupper i helse- og sosialtenestene.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Fullført emne skal bidra til ny kunnskap og styrke etisk og fagleg yrkesutøving for sosialarbeidarar. Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om kroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet. Studentane skal tileigne seg kunnskap om helsemessige utfordringar og funksjonssvikt. Kompetanse i medikamentrekning og legemiddelhandtering er sentralt. Studentane skal også tileigne seg ny kunnskap og ferdigheter om førebyggande og helsefremjande tiltak.
sjå emneplan
sjå emneplan
sjå emneplan
Nettbasert studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret).
Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
Ei veke obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
Obligatorisk nettmøte (Adobe) etter tredje samling (oppsummering og førebuing til eksamen).
Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen.
Emne | 2017 Vår | 2017 Haust |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ei veke klinisk praksis innan helsefag
Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)