Helsefag for sosialarbeidarar
Studieprogram:
Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2018
Studieplassar:
20 - 40
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Om studiet
- Studiet rettar seg primært mot sosialarbeidarar, ei viktig yrkesgruppe m.a. innan rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helse, habilitering og rehabilitering. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Ei utvida kompetanse for sosialarbeidaren vil bidra til ei meir fleksibel teneste.
- Studiet fokuserer på korleis helseperspektiv kan supplere sosialfagleg perspektiv i møtet med brukarar med samansette vanskar.
- Siktemålet er å legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren.
- Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg.
- Studiet rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet.
- Fullført emne skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen.
- Fullført studie gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, men gir ingen automatisk autorisasjon jmfr Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
sjå emneplan
Ferdigheiter
sjå emneplan
Generell kompetanse
sjå emneplan
Organisering og arbeidsmåtar
- Nettstøtta studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). Jmfr: Forskrift om studium og eksamen § 4-6
- Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
- Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
- Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen.
- Det er fire arbeidskrav som må vere godkjent før eksamen.
- Eksamen er ei individuell, skriftleg heimeoppgåve.
Helsefag for sosialarbeidarar
Navn:
Helsefag for sosialarbeidarar
Emne | 2018 Vår | 2018 Haust |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Praksis
Sju dagar klinisk praksis innan helsefag
Kostnader
Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).
Evaluering og kvalitetssikring
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Ansvarleg
Ellen Andenes, ellen.andenes@hivolda.no, tlf. 70 07 53 96