Helsefag for sosialarbeidarar
Studieprogram:
Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2022
Studieplassar:
20 - 40
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Om studiet
- Studiet rettar seg primært mot sosialarbeidarar, som er ei viktig yrkesgruppe m.a. i rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helsevern, habilitering og rehabilitering, i ulike bustader og bufellesskap. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Utvida kompetanse for sosialarbeidaren vil bidra til ei meir fleksibel teneste.
- Studiet fokuserer på korleis helseperspektiv kan supplere sosialfagleg perspektiv i møtet med brukarar med samansette vanskar.
- Siktemålet er å legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren.
- Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg.
- Studiet rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet.
- Fullført emne skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving, og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen.
- Fullført studie gir innføring i grunnleggande farmakologi og forsvarlig legemiddelhandtering.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Sjå emneplan
Ferdigheiter
Sjå emneplan
Generell kompetanse
Sjå emneplan
Organisering og arbeidsmåtar
- Samlingsbasert og nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar á tre dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). Jf: Forskrift om studium og eksamen § 4-6
- Studentane arbeider nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
- Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
- Informasjon om eksamen og vilkår for å framstille seg for eksamen går fram av emneplanen
Helsefag for sosialarbeidarar
Navn:
Helsefag for sosialarbeidarar
Emne | 2022 Vår | 2022 Haust |
---|---|---|
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Praksis
Sju dagar klinisk praksis innan helsefag, der studentane sjølve skaffar seg relevant praksisplass
Kostnader
Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).
Evaluering og kvalitetssikring
Ansvarleg
Ellen Andenes, ellen.andenes@hivolda.no, tlf. 70 07 53 96