See list of study plans starting on:

Helsefag for sosialarbeidarar

Studieprogram: 
Helsefag for sosialarbeidarar - vidareutdanning
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
20 - 40
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  1. Utdanning i sosialt arbeid, som sosionom eller barnevernspedagog på minst bachelornivå vil bli prioritert. 
  2. Søkarar med anna relevant utdanning på minst bachelornivå og dokumentert helse- eller sosialfaglig arbeidserfaring, kan få særskilt vurdering. 

 

Om studiet
  • Studiet rettar seg primært mot sosialarbeidarar, ei viktig yrkesgruppe m.a. i rusomsorg, eldreomsorg, psykisk helse, habilitering og rehabilitering samt ulike boligar og bufellesskap. Endringar i organisering av velferdstilbodet har ført til at sosialarbeidarar i dag møter situasjonar der helsefagleg kompetanse vert etterspurt. Ei utvida kompetanse for sosialarbeidaren vil bidra til ei meir fleksibel teneste.
  • Studiet fokuserer på korleis helseperspektiv kan supplere sosialfagleg perspektiv i møtet med brukarar med samansette vanskar.
  • Siktemålet er å legge grunnlag for ei større fagleg breidde og bidra til å understøtte god kvalitet i helse- og sosialsektoren.
  • Sentrale område i studiet er sjukdomsforståing, observasjon av symptom og kliniske teikn og grunnleggande pleie og omsorg.
  • Studiet rettar merksemda mot det førebyggande og helsefremjande perspektivet.
  • Fullført emne skal bidra til ny kunnskap, styrke etisk og fagleg yrkesutøving og auke den tverrprofesjonelle samhandlingskompetansen. 
  • Fullført studie gir innføring i grunnleggande medikamenthandtering, men gir ikkje autorisasjon jmfr Forskrift om legemiddelhåndtering for virksomheter og helsepersonell som yter helsehjelp.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Sjå emneplan

Ferdigheiter

Sjå emneplan

Generell kompetanse

Sjå emneplan

Organisering og arbeidsmåtar
  • Nettstøtta studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret). Jmfr: Forskrift om studium og eksamen § 4-6
  • Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
  • Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
  • Informasjon om eksamen og vilkår for å framstille seg for eksamen går fram av emneplanen
Helsefag for sosialarbeidarar
Navn: 
Helsefag for sosialarbeidarar
Emne2021 Vår2021 Haust
1515
Praksis

Sju dagar klinisk praksis innan helsefag 

Kostnader

Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Ellen Andenes, ellen.andenes@hivolda.no, tlf. 70 07 53 96