Historie bachelorgrad
Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.
Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.
Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking
- er i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
- har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar
Studenten
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna.
Det eine grunnemnet er eit innføringsemne der det m.a. inngår studietur til Roma.
Dei resterande 75 studiepoenga kan i prinsippet takast fritt. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået.
Emna i første studieår har tilbod om forelesingar og seminar. Emna på fordjupningsnivået (200-emna) går anten med forelesingar og/eller som nettstudium. Studiemodellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak hausten 2017, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.
Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:
- Grunnemna HI100, HI111, HI112 og HI113
- To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (HI2xx-emnekode)
- Bacheloroppgåve (HI210).
Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:
To valfrie fordjupingsemne skal veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.
Krav til rekkjefølgje
Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) skal vere knytt til eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.
Det er høve til å ta studiet på deltid etter avtale.
Emne | 2017 Haust | 2018 Vår | 2018 Haust | 2019 Vår | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester. | ||||||
15 | 15 | |||||
FORDJUPINGSEMNE OG VALFRIE EMNE/STØTTEMNE | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
Studenten må velje to av fordjupingsemna under (tilsaman 30 stp i løpet av semester 4, 5 eller 6), i tillegg til Historie bacheloroppgåve (HI210). Vi tek attehald om tilstrekkeleg påmelding og endringar: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne i historie. Fordjupingsemna i valfri del kjem i tillegg til kravet om 2 forjupingsemne i obligatorisk del, sjå i tabellen ovanfor. | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne i engelsk som kan veljast (maks 75 stp.). | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne i norsk/nordisk som kan veljast (maks 75 stp.). | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Støtteemne i religion som kan veljast (maks 60 stp.). | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Anna relevant valemne: Merk evnt. krav til forkunnskap i emneplanen. | ||||||
15 | 15 | |||||
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis. | ||||||
NB! Skuleretta samfunnsfag kan ikkje veljast som støtteemne pga. fagleg overlapping. | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.
Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)