See list of study plans starting on:

Historie bachelorgrad

Studieprogram: 
Historie - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2016
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.

Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking
  • er i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
  • har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
  • kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar 
Generell kompetanse

Studenten

  • har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
  • kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna.

Det eine grunnemnet er eit innføringsemne der det m.a. inngår studietur til Roma.

Dei resterande 75 studiepoenga kan i prinsippet takast fritt, men dersom ein tek sikte på å ta praktisk-pedagogisk utdanning etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i grunnskulen, må ein ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn historie eller samfunnsfag.

Emna i første studieår har tilbod om forelesingar og seminar. Emna på fordjupningsnivået (200-emna) går anten med forelesingar og/eller som nettstudium. Studiemodellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak hausten 2016, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.

Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:

  • Grunnemna HI100, HI111, HI112 og HI113
  • To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (HI2xx-emnekode)
  • Bacheloroppgåve (HI210).

Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:

To valfrie fordjupingsemne skal veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.

Krav til rekkjefølgje

Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) skal vere knytt til eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.

Det er høve til å ta studiet på deltid etter avtale.

Bachelor i historie
Navn: 
Bachelor i historie
Emne2016 Haust2017 Vår2017 Haust2018 Vår2018 Haust2019 Vår
Obligatoriske emne
303015
 
15
 
15
 
15
 
15
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester.
 
1515
FORDJUPINGSEMNE OG VALFRIE EMNE/STØTTEMNE
30301515
Studenten må velje to av fordjupingsemna under (tilsaman 30 stp i løpet av semester 4, 5 eller 6), i tillegg til Historie bacheloroppgåve (HI210). Vi tek attehald om tilstrekkeleg påmelding og endringar:
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Støtteemne i historie. Fordjupingsemna i valfri del kjem i tillegg til kravet om 2 forjupingsemne i obligatorisk del, sjå i tabellen ovanfor.
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Støtteemne i engelsk som kan veljast (maks 75 stp.).
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Støtteemne i norsk/nordisk som kan veljast (maks 75 stp.).
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Støtteemne i religion som kan veljast (maks 60 stp.). Merk evnt. krav til forkunnskap i emneplanane.
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Anna relevant valemne: Merk evnt. krav til forkunnskap i emneplanen.
 
1515
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis.
NB! Skuleretta samfunnsfag kan ikkje veljast som støtteemne pga. fagleg overlapping.
Internasjonalisering

Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.

Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.

Anna
På tre av dei obligatoriske grunnemna er det obligatorisk frammøte til undervisinga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje om dispensasjon frå kravet mot å levere andre arbeidskrav. Til innføringsemnet (vårsemesteret 1. studieår) er det knytt ein studietur til Roma på fem dagar. Det vil vere eit avgrensa tal plassar på turen, og registrerte lokalstudentar har førsterett. Studentar som ikkje kan delta på denne turen, får ekstra arbeidskrav. Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Undervisningsmengda per veke gjev rom for ein viss grad av fleksibilitet og krev at du kan planlegge di eiga tid. Det er samstundes viktig at du ikkje prøver å gape over for mykje på ein gong. Dessutan er det viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Harald Endre Tafjord, 70075074, HaraldT@hivolda.no