See list of study plans starting on:

Religion, livssyn og etikk 30 stp

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn 30 stp
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Emna kan godskrivast i ulike bachelorgrader.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal etter endt studium

  • ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
  • ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
Ferdigheiter

Studenten skal lære å

-uttrykkje kunnskapen gjennom skriftlege arbeid og munnlege framlegg og diskusjon i klasserom.  

Generell kompetanse

Studenten skal i studiet utvikle sjølvstende, evne til refleksjon og kritisk tenking som er viktig i seinare studiar og i arbeidslivet.   

Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel to av emna etter eige val. Studiet kan gjennomførast på heiltid over eitt semester, eller deltid over to semester. Undervisninga er obligatorisk.

I emnet REL 112 Religion og livssyn blir det tilbod om ein ekskursjon til London (i haustsemesteret). Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. (Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte).

Religion, livssyn og etikk 30 stp
Navn: 
Religion, livssyn og etikk 30 stp
Emne2017 Haust2018 Vår
Studenten skal velje to av emna.
1515
 
15
 
15
 
15
 
15
Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Jostein Garcia de Presno, tlf. 70075479, e-post jostein.garcia.de.presno@hivolda.no