Religion, livssyn og etikk
Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi. Saman med praktisk pedagogisk utdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i RLE på ungdomstrinnet i grunnskulen og i RE i vidaregåande skule. Emna kan godskrivast i ulike bachelorgrader.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal etter endt studium ha
ha grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
ha grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
Studenten skal lære å
uttrykkje kunnskapen gjennom skriftlege arbeid og munnlege framlegg og diskusjon i klasserom.
- Studenten skal i studiet utvikle sjølvstende, evne til refleksjon og kritisk tenking som er viktig i seinare studiar og i arbeidslivet.
Studenten vel to av emna etter eige val. Studiet kan gjennomførast på heiltid over eitt semester, eller deltid over to semester. Undervisninga er obligatorisk.
I emnet Religion og livssyn inngår det ein ekskursjon til London (i haustsemesteret). Der vitjar ein skular og ulike religiøse samfunn. (Ekskursjonen har atterhald om nok påmeldte).
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
Studenten skal velje to av emna. | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.