Teater og drama 2 (Vidareutdanning deltid haust)
Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg. Studiet er retta mot deg som vil arbeide med manusutvikling og metodar for formidling og kommunikasjon i ulike media.
I studiet skal de jobbe med m.a:
- Stemmebruk
- Lydbok for born og/eller vaksne
- Adaptasjon og manusutvikling
- Dubbing av film og voiceover
- Radioteater
Studiet er samlingsbasert med samlingar i Volda og i Oslo.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde retningar innan adaptasjon og manusutvikling.
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde teknikkar for stemmeskodespel og manusutvikling.
- kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar
- workshops
- produksjonar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- studioarbeid
- førelesingar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Undervisinga i TOD105 vil vere på engelsk.
b) Progresjon
Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:
TOD105 - Adaptation and scriptwriting + TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater
Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og skal vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Manusarbeid
- Analysar
- Lydfiler
- Munnlege framføringar
- Husteater
Course | 2017 Autumn | 2018 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
TOD201 Theatre production 5: Contemporary theatre | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
- ha eigen bærbar PC.
a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet
b) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater har ein samling lagt til Oslo.
c) Emnet TOD105 - Adaptation and script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.
- Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane. Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)