See list of study plans starting on:

Master i kulturmøte

Studieprogram: 
Kulturmøte - master
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav
  1. Opptaksgrunnlaget til mastergraden i kulturmøte er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:
    • bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
    • allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.
    • tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
       
  2. Ein krev minst karakteren C (G, 2, 8 eller stått) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.
Om studiet

Studiet skal medverka til å utvikla kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auka den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren, kyrkja og kultursektoren elles.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
 

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
  • avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
  • spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Ferdigheiter

Studenten skal kunnen

  • finna fram i og vurdera kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
  • analysera eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytta dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
  • planleggja, avgrensa og utforma eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • nytta kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
  • planleggja og gjennomføra nye FoU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det eine kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka om hausten første studieår (ca.veke 36).

Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Kulturmøte - heiltidsstudium
Praksis

Ingen praksis.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvlitetssikringssystem.

Ansvarleg
Inger Marie Okkenhaug, telf 70075422, e-post okkenhai@hivolda.no