See list of study plans starting on:

Engelsk fordjupingsstudium, oppstart haust

Studieprogram: 
Engelsk - fordjupingsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Engelsk årsstudium eller tilsvarande (60 stp) eller 45 stp engelsk + 15 stp HUM 101. Studentar som får opptak på grunnlag av 45 stp i engelsk + HUM 101 må ha tatt 30 stp på grunnivå innan den den disiplinen dei ynskjer å ta fordjupingsemne i (ENG 141 og ENG 143 for språkleg fordjupning, ENG 142 og ENG 144 for fordjupingsemne i litteratur/kultur/samfunn), eventuelt tilsvarande frå andre studiestader. 

Om studiet

Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Opptak til PPU krev at kandidaten har fullført ein mastergrad.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.

- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal studenten vere i stand til å:

- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng

- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk

- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk

- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur

Generell kompetanse

Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er bygd opp av to fordjupningsemne, kvart på 15 stp. Som del av bachelorgrad består fordjupningsstudiet av eitt undervist emne i språk (ENG200 Sosiolingistikk eller ENG201 Omsetjing: teori og praksis) eller litteratur (ENG203 Litteratur og film eller ENG206 Komedie), kombinert med eitt oppgåveemne (ENG211 Bacheloroppgåve språk eller ENG213 Bacheloroppgåve litteratur). Studentar som ikkje vil bruke oppgåveemnet inn i ein bachelorgrad, kan om dei ynskjer kombinere to underviste emne.

Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren.

Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet. Vår generelle tilråding er at studentar fullfører det underviste emnet før dei tar til på oppgåveemnet.

Underviste emne vert som regel tilbydd annakvart år: for tida ENG 206 og ENG 200 i partalsår, ENG203 og ENG201 i oddetalsår, men emneutvalet kan bli endra. Bacheloroppgåver kan skrivast i alle semester.

Engelsk fordjupingsstudium, oppstart haust
Navn: 
Engelsk fordjupingsstudium, oppstart haust
Informasjon

Studieåret 2019/20 tilbyr vi følgande kurs:

Emne2019 Haust2020 Vår
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. ENG200, ENG201, ENG203 og ENG206 vert tilbydd annakvart år. Hausten 2019 vert ENG201 tilbydd og våren 2020 vert ENG206 tilbydd
3030
 
15
 
15
 
1515
 
1515
Praksis

None

Anna
Instruction and assessment: Instruction is provided through lectures, group work and individual supervision.
Ansvarleg
Svenn-Arve Myklebost