Engelsk fordjupingsstudium
Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne.Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Frå 2017 krev opptak til PPU at kandidaten har fullført ein mastergrad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.
- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Etter fullført studium skal studenten vere i stand til å:
- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng
- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.
Studiet er bygd opp av to fordjupningsemne, kvart på 15 stp. Som del av bachelorgrad består fordjupningsstudiet av eitt undervist emne i språk (ENG200 Sosiolingistikk eller ENG201 Omsetjing: teori og praksis) eller litteratur (ENG203 Litteratur og film eller ENG205 Moderne amerikansk konservatisme i politikk og litteratur), kombinert med eitt oppgåveemne (ENG211 Bacheloroppgåve språk eller ENG213 Bacheloroppgåve litteratur). Studentar som ikkje vil bruke oppgåveemnet inn i ein bachelorgrad, kan om dei ynskjer kombinere to underviste emne.
Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren.
Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet.
ENG200, 201, 203 og 205 vert tilbydd annakvart år: ENG 200 og ENG 205 i partalsår, ENG201 og ENG203 i oddetalsår. Haust 2016 vert ENG200 tilbydd og vår 2017 vert ENG203 tilbydd. ENG211 og ENG213 vert tilbydd både haust og vår alle år.
Studieåret 2016/2017 går emna ENG200 og ENG203 som vist i planen.
Studieåret 2017/2018 planlegg vi å tilbyemna ENG 201 Omsetjing: Teori og praksis (haust) og ENG205 Moderne amerikansk konservatisme i politikk og litteratur (vår).
Bacheloroppgåveemna går alle semester.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. ENG200, ENG201, ENG203 og ENG205 vert tilbydd annakvart år. Hausten 2016 vert ENG200 tilbydd og våren 2017 vert ENG203 tilbydd. | 30 | 30 |
15 | ||
ENG201 Omsetjing: Teori og praksis (vert tilbode haust 2017) | 15 | |
15 | ||
ENG205 Moderne amerikansk konservatisme i politikk og litteratur (vert tilbode vår 2018) | 15 | |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
None
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.