Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (heiltid)
Denne mastergradsutdanninga gir deg kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidar kan hjelpe brukarar til å meistre oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og livsfasar. Gjennom studiet av brukarretta kommunikasjon og informasjonsarbeid, tverrprofesjonelt samarbeid og relasjonsorientert klinisk arbeid lærer du kva som ligg til grunn for læring, meistring og myndiggjering (empowerment). Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.
Meistring og myndiggjering er kjerneomgrep i studiet. Meistring er viktig i forhold til personar i alle delar av livsløpet (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma) når det gjeld å handtere typiske utfordringar i den livssituasjonen dei er i. Det handlar både om korleis ein faktisk meistrar utfordringane i kvardagen, men også om korleis ein opplever å meistre tilværet. Omgrepet er særleg utvikla innan psykologi, og særleg knytt til personar sine reaksjonar på stress og trugande situasjonar. Det er viktig å setje seg inn i denne tradisjonen, men også i nyare sosiologiske perspektiv som i større grad vektlegg omgrep som makt, kontroll, kontekst og sosial kapital sett i forhold til meistring. Myndiggjering (empowerment) er nærare knytt til makt, politikk og overføring av makt, dvs at folk kan ta ansvar sjølve og at dei som individ eller gruppe får auka kontroll med sitt eige liv. Sett frå hjelpeapparatet handlar det m.a. om å starte prosessar, framskaffe virkemiddel og stole på at individ eller grupper sjølve kan medverke til å betre eigen situasjon i dei tilfella der dette er realistisk.
Kommunikasjon er eit overordna og gjennomgåande perspektiv som vil bli tatt opp i undervisninga på ulike nivå. På makronivået vil dette gjelde tilhøva mellom sosial strukturar, system og kommunikative prosessar; t.d. når det gjeld kulturelle endringar (verdiar, haldningar, livsstil etc.), men også endringar i organisasjonane innan helse- og sosialsektoren. Spesifikt vil ein ta opp medium/massekommunikasjon og befolkningsretta informasjonstiltak når det gjeld helse- og sosiale problem. På mikronivået, i møtet mellom pasientar/brukarar og profesjonelle hjelparar, er kunnskap om kommunikasjon avgjerande for å realisere målsettingar om samarbeid og medverknad. Det blir her lagt vekt på korleis ein utviklar nødvendige føresetnader for at profesjonelle tenester og brukarane sine eigne meistringsressursar kan spele saman på ein problemløysande og helsefremjande måte. Munnleg og skriftleg språk er ein av dei viktigaste reiskapane i kommunikative prosessar. Studentane skal lære å analysere ulike tekstar og diskursar med utgangspunkt i eksplisitt formulerte teoriar om kommunikasjon, meining og kontekst.
Studiet legg vekt på Læring og pedagogikk ved at studentane lærer å analysere og forstå læring både gjennom innføring i ulike læringstradisjonar og ved å bruke omgrep frå sentrale læringsteoriar. Eit samfunn som er karakterisert ved omfattande institusjonalisering og som i aukande grad blir fleirkulturelt, gir nye analytiske utfordringar når ein skal forstå læringsprosessar. Pedagogikken gir oss omgrep og kunnskapar til å analysere både individuelle og kollektive læringsprosessar i ulike former for praksisfellesskap i barnevern, sosialt arbeid, utdanning og helsearbeid. For å kunne skilje mellom ulike læringsprosessar må vi forstå dei historisk: Resultat blir rekonstruert ved at vi identifiserer kva vilkår som låg til grunn, kvar i livsløpet deltakarane var og kva prosessar dessevilkåra verka gjennom. Samhandling, rettleiing og læring krev også analysar av både det som er og det som bør vere – dei faktiske, men og dei normative og etiske sidene ved samhandling. Myndiggjering av den enkelte som mål for læringsprosessane, krev sjølvrespekt, tillit, inkludering og gjensidig anerkjenning mellom aktørane som samhandlar.
Helse- og sosialarbeidarar må kommunisere med individ og grupper om både førebygging, behandling og rehabilitering. Då må ein ta omsyn til at helse- og sjukdomsproblematikken varierer langs mange dimensjonar: Det er skilnader etter kjønn, alder og etnisitet, men også etter geografisk lokalisering og sosial bakgrunn, det vi samla kan kalle sosiokulturelle forhold. Livsstil og levekår varierer også mellom ulike befolkningskategoriar. Det gjeld for eksempel kosthald, fysisk aktivitet og forhold til rusmiddel. Denne kunnskapen må studentane tileigne seg for at dei seinare kan formidle nøktern informasjon på ein slik måte at ansvaret for levekår og helse ikkje berre blir plassert hos individ, men også hos politiske styresmakter på ulike nivå. Helsetilstand og eksponering for sjukdom eller sosiale vanskar endrar seg stadig. Det gjeld heilt frå fosterliv – via barndom, ungdomstid og vaksenliv – til alderdom. Helseforholda og risikobiletet skiftar også frå epoke til epoke. Dermed er livsløpsperspektivet nyttig for å gi kunnskap om korleis dette endrar seg historisk og mellom generasjonar. Dette er kunnskap som i lag med innsikt i relasjonar, kontekstar og strukturar er viktig for å medverke til å meistre sjukdom og sosiale problem.
Ved å legge vekt på Vitskapsteori og kunnskapssyn skal studiet medverke til at studentane skal kunne reflektere kritisk både over korleis kunnskap vert skapt og teken i bruk, og vise at vitskapsteori er eit relevant grunnlag for både forsking og yrkesutøving. Det vil særleg bli lagt vekt på kunnskapsteoretiske problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom ulike kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar i helse- og sosialsektoren, og praksisutøving som høvesvis har instrumentelle eller kommunikative føremål. Vitskapsteori og kunnskapssyn vil såleis vere tema i alle dei tre obligatoriske fagemna: Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori.
Nært knytt til ulike kunnskapssyn er også etiske utfordringar. Studiet skal gi kunnskap om, og utvikle forståing for, etiske utfordringar og dilemma som knyter seg til relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande i helse- og sosialsektoren. Det handlar om rammevilkår knytt til systemforhold, men også etiske utfordringar i meir avgrensa sosiale relasjonar. Eit særleg fokus skal rettast mot utfordringar som arbeidet med informasjon og opplæring overfor pasientar/klientar og pårørande medfører. Tematikken skal drøftast i lys av både klassiske etiske teoriar, ulike utgåver av menneskesyn og aktuelle profesjonsetiske perspektiv.
Fagansvarlege for masterstudiet er:
- Professor Tor Johan Ekeland, HVO
- Professor Jan Inge Sørbø, HVO
- Professor Finn Ove Båtevik, HVO
- Førsteamanuensis Bente Hasle, HVO
- Førsteamanuensis Silje Louise Dahl, HVO
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- kunnskap om kva som påverkar brukarane si meistring av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
- innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, veiledning og nødvendig hjelp
- kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
- kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
- ha innsikt i det politiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Studenten skal kunne
- utnytte kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande arbeid
- initiere FOU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
Studenten skal
- ha kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar
- vere i stand til å undervise, rettleie og initiere FoU-prosjekt med vekt på slike mål
Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Det tverrfaglege studiemiljøet gir studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. I emnet Masteroppgåve (30 evt. 45 stp) er undervisninga i integrert i fem vekesamlingar over to semester, slik at emna går parallelt siste studieår. Kvart emne blir organisert med 3 vekesamlingar per semester, med fire undervisningsdagar og ein studiedag per samling. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet vil det vere krav om 65% deltaking på samlingane.
Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (MEI301), 15 stp, Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303),15 stp og Masteroppgåve (MEI304), 30 stp er obligatoriske. Det er høve til å skrive Masteroppgåve (MEI305) på 45 stp. Den valfrie delen av studiet vert då 30 stp.
Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsintitusjonane i Molde, Volda og Ålesund. I studieåret 19/20 er tilbodet lagt til Høgskolen i Molde. Emnet er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden.
Studenten kan velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå, eller alt vere godkjende som masteremne i andre mastergradsstudium. Om det førekjem ei viss pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like. Med tanke på internasjonalisering vil ein arbeide for å få etablert samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land og at studentar skal kunne få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i andre land.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust | 2021 Vår |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
Min. 30 stp valemne: | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | ||||
15 | 15 | |||
15 | ||||
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2019/2020, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||
15 | ||||
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C på kvart av emna), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI304/MEI305. | ||||
15 | ||||
Vel anten MEI304 eller MEI305: | 15 | 30 | ||
30 | ||||
15 | 30 | |||
Val av MEI304 krev 15 stp. tillegg av valfrie emne og som bør takast parallelt med forskingmetode og vitskapsteori i tredje semester. | ||||
Sum (120 total) | 30 | 30 | 30 | 30 |