Musikk (bachelor)
Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet gjev grunnlag for verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Bachelorgraden gjev grunnlag for vidare studium på masternivå, m.a. med emnet MEI306 - å skape meining.
Praksis eller eit praktisk prosjekt i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet.
- I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten:
- kan grunnleggande musikkteori, musikkhistorie og musikkutøving på hovudinstrument, samt å medverke i kor og/eller orkester
- har kunnskap om musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn, den musikalske kulturarven vår, musikk som samfunnsfenomen og musikk som pedagogisk reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
- veit om faglege og metodiske element innan instrumentalopplæring og didaktiske og metodiske element knytt til undervisning på hovudinstrument
- har kjennskap til kulturskulen; innhald og organisering og kjenne til sentrale problemstillingar innan musikkterapi, musikk og helse, musikk og identitet
- har arbeidd med innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalensemble, musikkinterpretasjon og -formidling
- kjenner musikken sin funksjon i samfunnet og samanheng mellom musikk, media og miljø
- kan vurdere tekniske og musikkfaglege utfordringar for hovudinstrumentet, og plukke ut repertoar for hovudinstrumentet
- kjenner til korleis ein gjer eit repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble, veit om tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble, ulik innstuderingsmetodikk, og kan ulike takteringsmønster og direksjonsteknikkar
- har kunnskap om ulike typar instrumentgrupperl, ulike typar ensemble, varierte arrangeringsteknikkar og instrument- og klangbruk
- kjenner til sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet, grunnleggande prinsipp for akustikk, PA-anlegg, opptak og redigering av lyd og musikk og kan bruke internett som kjelde for arbeid med musikkteknologi og som publiseringskanal
Studenten
- har kunnskap om utøving av musikkfaget i ein brei fagleg kontekst i ulike samanhengar i samfunnet
- kjenner til fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
- forstår sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verkty på ulike nivå
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
- har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Studenten
- kan nytte teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i musikkfagleg utøving og formidling
- kan nytte musikkfagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante kulturfaglege uttrykk
- kan nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnader og interesse
- kan reflektere over eigne ferdigheiter og har evne til fagleg fornying
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
- praktisk arbeid i større og mindre grupper
- undervisningsseminar
- undervisning i teoretiske emne
- gruppeundervisning og individuell undervisning
- deltaking i kor og orkester
Vær merksam på at om du ønsker å ta PPU-utdanning etter bachelorstudiet må du ha 120-180 studiepoeng i faget.
Dersom du ikkje har fullt 180 studiepoeng i faget må øvrige fag opp til 180 stp. være praktisk estetiske og ha eit omfang på minst 30 studiepoeng.
Sjå forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanninng:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771?q=ppu
Ta kontakt med studieprogramleiar dersom du har nokon spørsmål om dette.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Fordjupingsemne (I tillegg til bacheloroppgåva (MUS205) skal du velje minst eitt fordjupningsemne på 15 stp (200-kode).) | 15 | 15 | 15 | 15 | ||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Andre valemne ved Avdeling for kulturfag: NB! Det er forkrav til fleire av emna. Pass på at du vel rett kombinasjon og rekkefylgje. Det kan vere timeplanmessige utfordringar med ein del kombinasjonar av emne. | 15 | 15 | 15 | 15 | ||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Praksis i studium av emne med eit didaktisk innhald (MUS102, MUS104, MUS201 og MUS208) kan det verte lagt til rette for praksis i musikk. Omfang og form er avhengig av emne.