Musikk - bachelor
Bachelor i musikk er eit studium som gir deg eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk og leie andre i musikalsk samspel. Studiet gir deg brei musikkfagleg kompetanse der du vil få høve til å velje fordjuping innan utøvande og skapande retningar, og relevant forskings- og utviklingsarbeid. Studiet vektlegg konkrete praktiske ferdigheiter innan samspel, improvisasjon, låtskriving og musikkteknologi. Vidare er kunnskapar om læringspsykologiske, musikkpedagogiske og helsemessige dimensjonar, og om musikken sin plass historisk sett og i eit fleirkulturelt samfunnsperspektiv ein del av studiet.
Utdanninga gir grunnleggade kompetanse for arbeid innan kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring.
Bachelorgraden gir grunnlag for vidare studiar på masternivå ved andre utdanningsinstitusjonar, eventuelt i kombinasjon med praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten:
- har brei kunnskap om utøving av musikkfaget i ulike samanhengar i samfunnet
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
- har innsikt i sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verktøy
- har kunnskap om musikken si betydning for fysisk og psykisk helse og bruk av musikk i helsefaglege samanhengar
- har kunnskap om musikkteori og høyrelære og ulike komponerings- og improvisasjonsteknikkar
- har kunnskap om musikkproduksjon og studioarbeid
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
Kandidaten:
- kan utøve og formidle musikk til ulike målgrupper
- kan nytte eit valt fordjupingsinstrument og ulike band- og akkompagneringsinstrument i ulike utøvingskontekstar, reflektere over eigne ferdigheiter og ha evne til fagleg fornying
- kan nytte musikkfagleg kunnskap i praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala sine og analysere relevante samanhengar mellom praksis og teori
- kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i komponering og utøvingssamanhengar
- kan nytte ulike pedagogiske metodar som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå
Kandidaten:
- kan formidle sentralt fagstoff både skrifleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstilingar i tillegg til nytenking og innovasjonsprosessar innan fagområdet
- har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode, og gjennom kritisk tenking og refleksjon grunngi vala sine i bacheloroppgåva
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan fagområdet og slik bidra til utvikling av god praksis
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesningar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, video og loggskriving, samspel og gruppediskusjonar.
Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesningar.
Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne: | 30 | 30 | 30 | 30 | 15 | |
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
MUS230 Bacheloroppgåve i musikk | 15 | |||||
Valemne 2 og 3. studieår | 30 | 15 | ||||
Utveksling | 30 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.
Det inngår ikkje engelskspråklege emne i graden, men deler av musikkutdanninga kan takast i utlandet.
Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med samarbeidsinstitusjonar i Storbritannia, Irland, Latvia, Australia, New Zealand og USA.
I tillegg vert det gitt tilbod om studietur til utlandet i løpet av studietida.