See list of study plans starting on:

Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)

Program of study: 
Natural Sciences for Teachers 1, Grades 1-7
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning.

About

Studiet er eit videreutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ikkje noko naturfag i si tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærerutdanninga for 1.-7. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida. 

For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101B er bestått i tillegg til NF102B. 

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 1.-7. steg i grunnskulen
  • skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
  • skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring
Learning outcome skills

Studenten:

  • skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 1.-7. steg
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
  • skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Learning outcome qualification

Studenten:

  • skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
  • skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre og utvikle naturfagundervisning
Content structure

Studiet er sett saman av dei to emna NF101B (haust) og NF102B (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.

Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
Navn: 
Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
Anna
Undervisninga blir ikkje sett i gang dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Carlos Magnusson, tlf. 70 07 53 85, e-post carlos.magnusson@hivolda.no