Skuleretta samfunnsfag - årsstudium (nettstudium)
Programmet består av fire emne på 15 studiepoeng kvar, og kan takast på heiltid eller på deltid.
Studiet tek opp tema som samfunnsfagleg utforsking, demokrati, berekraft og identitet, med utgangspunkt i kjerneområda i fagfornyinga sin læreplan i samfunnsfag (SAF01-04).
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- Har djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- Har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
- Har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
- Har djupnekunnskap om sentrale føresetnadar for og problemstillingar knytte til statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
- Har djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
- Har djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
- Har innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn, seksualitet og kjærleik
- Har kunnskap om økonomiske strukturar, verdiskaping, makt og marknad
- Har djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
Studenten
- Kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
- Kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
- Kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet med særleg vekt på grunnleggande ferdigheiter og gi læringsretta tilbakemeldingar til elevane, tilpassa deira ulike føresetnader og behov
- Kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
- Kan legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
Studenten
- Kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking og kreativitet
- Kan legge til rette for at elevane skaffar seg overblikk over periodar og utviklingsmønster og for refleksjon over korleis historie og kultur blir konstruert
- Kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen og involvere lokalt samfunnsliv i opplæringa
Undervisninga er nettbasert. Studentane skal nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap.
Høgskulen i Volda nyttar Canvas som digital læringsplattform. Canvas vert brukt aktivt til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. Studentar får tilgang til eit eige rom i Canvas etter semesterregistrering
Studenten kan velge å studere på heiltid eller deltid.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|---|---|
Studenten vel eitt eller to emne kvart semester | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
15 | 15 | |||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |