Design, kunst og handverk - årsstudium
Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter, gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori.
Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing er berande innhald.
Årsstudiet kan byggjast på til bachelorgrad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for kunst- og designfaglege utdanningar, praktisk- pedagogisk utdanning (PPU) og masterprogram. Årsstudiet kan også gje eit godt grunnlag for søking til andre kunst- og designutdanningar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Studenten:
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studieprogrammet er bygd opp av 2 obligatoriske emne à 30 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet, er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6, om obligatorisk frammøte og deltaking.
Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|
KOH130 Innføring i bilde | * | 30 |
KOH135 Innføring i handverk | * | 30 |
Sum (60 total) | 0 | 60 |
Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.